- Eg veit at det (Fiskarlaget sitt standpunkt, red. merk) veg veldig tungt for politikarane, seier Ingebrigtsen til NETT NO.
I dag er han vert for landsmøtet til Norges Fiskarlag, der Regjeringa sitt framlegg til eit nytt regelverk for korleis fiskekvotane skal fordelast er hovudtema.
Den mest omstridde delen av framlegget er at regjeringa vil innføre ein kvotebank, der staten blir eigar av fiskekvotar som blir inndratt når fiskarar slår saman fleire kvotar på ein båt. Ein del av kvotane blir då inndratt til fordel for kvotebanken og kan leigast ut til andre.
Framlegget har møtt klar motstand hos medlemslaga i Norges Fiskarlag.
"Landsmøtet mener det vil være svært uheldig om en distriktsnæring med stort potensiale skal kreves for en særskatt (avgift) i stedet for å kunne ta ut sitt potensiale. Konsekvensen av forslaget vil derfor innebære en systematisk overføring av verdier fra distrikter i vekst", skriver Landsstyret i innstillingen.
Følgjer Landsmøtet innstillinga vil det også vedta at det er "svært overrasket" over framlegget frå Regjeringa.
Ingbrigtsen forklarar den diplomatiske språkbruken med at den gir resultat.
- Det er ein grunn til at vi har hatt suksess i fiskerinæringa og det er dialog med styresmaktene, seier han til NETT NO.
Regjeringa sitt mål er at framlegget til nye reglar for kvotefordelinga skal vedtakast i første halvår neste år.
I landsmøtetalen seier Ingebrigtsen at det er viktig at vi tek oss nok tid og får eit breitt politiske kompromiss for rammevikåra som bli vedtatt. Også fiskarane har rett til å få rammevilkår som overlever og står seg over tid, seier Ingebrigtsen i talen.
I dag er han vert for landsmøtet til Norges Fiskarlag, der Regjeringa sitt framlegg til eit nytt regelverk for korleis fiskekvotane skal fordelast er hovudtema.
Den mest omstridde delen av framlegget er at regjeringa vil innføre ein kvotebank, der staten blir eigar av fiskekvotar som blir inndratt når fiskarar slår saman fleire kvotar på ein båt. Ein del av kvotane blir då inndratt til fordel for kvotebanken og kan leigast ut til andre.
Framlegget har møtt klar motstand hos medlemslaga i Norges Fiskarlag.
Forundra
Landsstyret i Norges Fiskarlag si innstilling til vedtak er at også Landsmøtet i organisasjonen seier nei til innføring av kvotebank:"Landsmøtet mener det vil være svært uheldig om en distriktsnæring med stort potensiale skal kreves for en særskatt (avgift) i stedet for å kunne ta ut sitt potensiale. Konsekvensen av forslaget vil derfor innebære en systematisk overføring av verdier fra distrikter i vekst", skriver Landsstyret i innstillingen.
Følgjer Landsmøtet innstillinga vil det også vedta at det er "svært overrasket" over framlegget frå Regjeringa.
Ingbrigtsen forklarar den diplomatiske språkbruken med at den gir resultat.
- Det er ein grunn til at vi har hatt suksess i fiskerinæringa og det er dialog med styresmaktene, seier han til NETT NO.
Ikkje forenkling
Slik Ingebrigten og Landsstyret i Norges Fiskarlaget er det er innføringa av ein kvotebank utleige av fiskekvotar ikkje ei forenkling av regelverket. Om fiskarane skal betale meir for å finansiere forvaltinga av fiskeria så er det enklare måtar å gjere det på, meiner Landsstyret.Regjeringa sitt mål er at framlegget til nye reglar for kvotefordelinga skal vedtakast i første halvår neste år.
I landsmøtetalen seier Ingebrigtsen at det er viktig at vi tek oss nok tid og får eit breitt politiske kompromiss for rammevikåra som bli vedtatt. Også fiskarane har rett til å få rammevilkår som overlever og står seg over tid, seier Ingebrigtsen i talen.
Publisert: 13.12.2019 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43






