Dollarsjokk for Moere Design
NEGATIVT: Våt og kald vår og forsommar slår negativt ut for Møre Design. 
Nytt

Dollarsjokk for Møre Design

Medan eksportbedriftene gnir seg i hendene, gir valutakursendringane og surt vårvêr trøbbel for Møre Design.

10.06.2015
Innkjøpskostnadane auka med 25-30 prosent i fjor, anslår John-Birger Pedersen, dagleg leiar og medeigar i Møre Design i Ørsta. Selskapet utviklar kle, men får dei sydd i utlandet og betalar i dollar. Vekslingskursen mellom kroner og dollar utvikla seg i negativ lei for Møre Design i fjor.
Det slår ut på resultatet, både Møre Design og dotterselskapet Møre Design Trondheim gjekk i minus i 2014 (sjå tabell).

Uråd å ta att

Det er ikkje råd å ta att utviklinga i dollarkursen i høgare prisar i butikkane, slik at Møre Design får ein negativ valutaeffekt også i år, i følgje Pedersen.
I år har han i tillegg eit anna problem, vêret. Det kjem på toppen av ein generell vanskeleg marknad.
Målgruppa er vaksne kvinner, og kolleksjonen er gradvis vinkla mot eit litt yngre publikum dei siste åra.
Vått og kaldt overalt råkar salet av sommarkolleksjonen i år.
- No sit eg i Ørsta og ser knapt nok ned til sentrum, seier Pedersen.

God start, treg vår

2015 starta bra, men det dårlege vêret gjer at verksemda så langt ligg an til driftsinntekter på line med 2014. Det salet som har gått tapt i ein våt og kald vår og forsommar er vanskeleg å ta att, sjølv om sommaren skulle kome for fullt no.
Møre Design vart delt i to frå årskiftet 2013/2014. Det er er forklaringa på den store nedgangen i driftsinntektene (sjå tabell)
I samband med eit generasjonskifte var selskapet delt i to, der Møre Design har seks butikkar frå Bodø og nordover, medan Amine Mote driv butikkane frå Bodø og sørover til Nordfjordeid.

Deling for andre gong

Opphavleg var Møre Design i Ørsta og Møre Konfeksjon i Volda eitt selskap, som var delt i eit generasjonsskifte.

Dei to selskapa dekte kvar sin del av landet, Ørstabedrifta nordover, Voldabedrifta sørover. Trass i delinga samarbeider dei om utvikling av kolleksjonar.

Publisert: 10.06.2015 13:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44