Droppar Haramsøy-anke
– Vi kjempar vidare, men ikkje i retten.
Vindkraftmotstandarane som tapte rettssaka mot staten om å stanse utbygginga av vindturbinar på Haramsfjellet, ankar ikkje saka.
Det opplyser Nei til vindkraftverk på Haramsøy torsdag.
– Vi kjempar vidare, men ikkje i retten, skriv dei i ei pressemelding.
I midten av mai slo Møre og Romsdal tingrett fast at konsesjonen om å byggje åtte vindturbinar er gyldig, og at arbeidet dermed kunne halde fram for fullt.
Der vi trudde lovene skulle trumfe forvaltningspraksis, har det motsette skjedd
Dyrt å tape rettssak
Nei til vindkraftverk på Haramsøy hadde som mål å stoppe utbygginga.
– Det har vi ikkje klart. Der vi trudde lovene skulle trumfe forvaltningspraksis, har det motsette skjedd. Politikarane har ønskt vindkraftutbygging og gitt vide rammer til forvaltninga for å få bygd vindkraftverk rundt i landet. Dette vart avgjerande for dommen til tingretten. Derfor ser vi det som lite truleg å nå gjennom i ein ny runde i rettsvesenet.
Nei til vindkraft på Haramsøya hadde oppført at både det opphavlege konsesjonsvedtaket i 2009, og dessutan vedtak rundt fleire endringar i prosjektet i seinare tid, bar preg av mangelfull utgreiing. Sjølve utbygginga vart sett i gang i 2019, og det har sidan då vore ei rekkje protestaksjonar ved anlegget og fleire rettssaker.
I tingretten vart vindkraftmotstandarane dømde til å betale nær ein million kroner i sakskostnader.
– Vi har erfart at det er altfor dyrt å tape rettssaker, og kostnadene med ein ny runde i retten har vore avgjerande for at vi vel å ikkje anke saka.
Publisert: 10.06.2021 13:03
Sist oppdatert: 10.06.2021 15:36