Droppar PSV byggjer spesialskip
ENDRING: Island Diligence vart bestilt som ein PSV. No er planane endra, og båten vert eit spesialskip, mellom anna med gangveg frå Uptime International.
Nytt

Droppar PSV - byggjer spesialskip

Island Offshore bestilte tre PSV-ar frå Vard Brevik. No vert eine skipet omgjort til eit fleirbruksskip.

27.06.2015
- Det er altfor mange PSV-ar i marknaden. Dette er hovedgrunnen til at vi no gjer denne endringa, seier adm. dir. Håvard Ulstein i Island Offshore.
Selskapet har tre 86 meter lange og 18,5 meter breie plattform forsyningsskip under bygging ved Vard Brevik. Kvart av skipa skulle få eit dekk på 900 kvadratmeter.
No har reiarlaget gjort avtale med verftet om at skip nummer to, Island Diligence, skal byggast om.
- Dette vert eit skip som vil kunne utføre ei lang rekkje funksjonar, på same måten som Island Crown, seier Ulstein.

Ålesund-gangveg

Island Crown vart levert frå verftet i 2013, og utfører mellom anna "walk to work"-oppdrag for offshore vindmøller og andre offshore-installasjonar.
- Ja, vi skal ha om bord gangveg-løysinga frå Ålesund-selskapet Uptime International, seier Ulstein.
Island Crown gjer også subseaoppdrag i tillegg til accomodationtenester.
- Vi har tru på denne typen skip, seier Ulstein.

Langsiktige prosjekt

Island Offshore har frå før 16 PSV-ar. Håvard Ulstein seier at det i ettertid kan sjå ut som ei feil beslutning å tinge tre nye PSV-ar, men ein må sjå på det som langsiktige prosjekt.
- Vi trur på at marknaden vil kome tilbake.
- Der finst også interessante oppdrag, og då må ein også tenkje litt utradisjonelt.
Dei tre Island-skipa Defender, Diligence og Discovery skal etter planen leverast frå Vard Brevik i januar og april neste år, medan det siste er utsett til januar i 2017.

Innreiing til 100

Island Diligence skal innreiast for 100 mann, og vil få ei 20 tonns kran om bord.
Om bord skal det vere konferanserom, gym og basseng.
Island Diligence vil også vere førebudd for mobilisering av ROV (ubemanna miniubåtar) og vil få 100 % livbåtkapasitet på styrbord og babord side.
Dekksarealet vert etter endringane redusert til 290 kvadratmeter.
Det er altfor mange PSV-ar i marknaden

Publisert: 27.06.2015 06:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45