Eldar Sætre inne
TYGGEMOTSTAND: Eldar Sætre meiner at Equinor-namnet er eit namn som gir litt tyggemotstand, og som smakar betre til lenger tid det går. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Du likar heller ikkje smalahovud, lutafisk og gamalost første gongen

Vel tre år etter namneskiftet frå Statoil til Equinor, er Eldar Sætre strålande fornøgd med endringa.

20.09.2021

- I dag er det ingen som uttalar seg negativt om namnet. Slik trudde eg også det ville kome til å gå.

Men dette var ikkje situasjonen då den utflytta vartdalingen i mai 2018 foreslo at Statoil, norges desidert viktigaste industriselskap, skulle skifte namn.

Motstandarane var mange, også internt blant nokre av dei tillitsvalde i Statoil, der fleire karakteriserte namneskiftet som både meiningslaust og historielaust.

- Det var mykje harselering, ikkje minst i media og blant dei godt vaksne støttespelarane. Dette var heller ikkje noko som var uventa.

- Men eg bad spesielt tilsette i eigen organisasjon om å puste litt og gi namneskiftet litt tid, seier Sætre i eit intervju med NETT NO.

Ny strategi
Bakgrunnen for namneskiftet var at Statoil ikkje lenger var eit olje- og gass-selskap, men eit selskap som under Sætre si leiing gradvis skulle leggast om til eit breidt energiselskap, der det også skulle satsast stort på fornybar energi.

Sætre hadde sjølv jobba i Statoil sidan 1980, og seier at han var veldig glad i Statoil-namnet.

- Men alt har sin tid. Statoil-namnet har tent oss i 50 år, men no var det på tide å endre kurs, og dermed også namn.

Statoilsjefen til investorkonferanse
GLAD I NAMNET: Eldar Sætre har jobba i Statoil sidan 1980, og fortel at han var glad i namnet. Likevel måtte eit skifte til. Foto: Statoil

- Mange gode forslag
Sætre gjekk på som konsernsjef i oktober 2014, og ville gjennomføre namneskiftet før han ein gong planla å gå av.

- Eg ville gjennomføre denne store endringa når vi sjølve hadde kontrollen, når selskapet stod stødig, og når eg sjølv også hadde ein sterk posisjon både internt og eksternt.

Ei rekke namn vart foreslått.

- Vi hadde mange andre gode forslag, men dei får du ikkje vite, seier Sætre.

Han seier at han sjølv brukte litt tid før han slo fast at Equinor burde selskapet heite.

- Det er eit namn som gir litt tyggemotstand, og det synst eg er bra.

- Det er som å ete smalahovud, lutafisk eller gamalost første gongen første gongen. Då likar du normalt ikkje smaken, men etter kvart vert dette fort noko av det beste du veit. Slik var det også med Equinor-namnet.

Det er eit namn som gir litt tyggemotstand, og det synst eg er bra
Eldar Sætre

God klang i utlandet
Trass ein del intern motstand og mykje harselering i media, var det til slutt 99,92 prosent av aksjonærane som sa ja til namneskiftet 15. mai 2018. Deretter har det vore nokså stilt.

- Dette er eit namn som kling bra i Norge når ein vert vand med det, men det kling også godt i utlandet. Det var viktig, seier Sætre.

Namnet Equinor kombinerer ‘equi’, som er utgangspunktet for ord som ‘equal’, ‘equality’ og ‘equilibrium’ – likskap, likeverd, likevekt og balanse, og med ‘nor’ som viser til sitt norske opphav.

- Eg er stolt over namnet. Rett namn til rett tid, seier Eldar Sætre.

Publisert: 20.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 20.09.2021 02:06

Mer om