NPK-NTB-Andreas Løf: Medan uvisse og motvind pregar resten av verda, ser det positivt ut for norsk økonomi, ifølgje NHO. Eit comeback frå oljeindustrien er ei viktig årsak.
Under eit presseseminar onsdag løfta NHOs sjeføkonom Øystein Dørum fram fem hovudtrekk ved økonomien som vil danne ramma for lønnsoppgjeret i vår:
Vi er inne i eit breitt basert, men forsiktig oppsving i økonomien. Dei moderate lønnsoppgjera dei siste fem åra kan ta sin del av æra for det.
Konkurranseevna i norske bedrifter er betra, men lønnskostnadene ligg framleis 29 prosent over EU-snittet.
Arbeidsløysa går ned, og det er større press i økonomien.
Det er låge driftsresultat og rekordhøg lønnsdel i industrien.
Vekstbiletet i verda rundt oss er svakare og meir usikkert. Handelsuro og eit kaotisk brexit legg ein dempar på stemninga internasjonalt.
Det kraftige prisfallet i 2014–2015 ramma næringa hardt, og titusenvis i olje- og oljeservicebransjen mista jobben. No har petroleumssektoren henta seg sakte, men sikkert inn igjen, og pessimismen i NHOs medlemsbedrifter er snudd til svak optimisme.
– Frå å vere veldig låge i 2015 har bedriftsinvesteringane i Fastlands-Noreg auka med 30 prosent dei siste åra, og vi forventar at dei aukar med ytterlegare 5 prosent årleg i åra framover. I tillegg blir det venta ein auke i oljeinvesteringane på 10 prosent i år, seier Dørum.
– Auken i oljeinvesteringane blir drive av auka oljeprisar og store kostnadskutt, held han fram.
Dørum skildrar jobbveksten i Noreg som «overraskande frisk».
– Ifølgje nasjonalrekneskapen vart det 44.000 fleire jobbar i 2018, og AKU-tala viser endå større vekst, seier han.
– Denne utviklinga trur vi kjem til å halde fram. Inneverande år reknar vi med ein jobbvekst på 1,5 prosent, mellom anna basert på at bedriftene sjølv seier dei kjem til å auke sysselsetjinga, held Dørum fram.
– Vi er inne i eit konjunkturoppsving, men det er fleire grunnar til å tru at dette oppsvinget blir moderat, seier han.
Sjeføkonomen viser til at viktige vekstdrivarar som lågare rente, ekspansive statsbudsjett og svak kronekurs er på veg bort.
– Vi reknar med at Noregs Bank vil heve renta med 1,25 prosentpoeng, og sidan norske hushald er i ferd med å setje verdsrekord i gjeld, vil dette føre til ein tilsvarande reduksjon i kjøpekraften. Det vil i sin tur dempe det private forbruket, seier han.
– Det er òg vanskeleg å tru at vi vil få nye rundar med svakare krone. Det er stor grunn til å tru at krona heller vil styrke seg, seier Dørum.
Han åtvarar likevel mot å auke lønningane for mykje.
– I den delen av norsk økonomi som er mest relevant for forhandlingane, nemleg industrien, gjekk det overraskande dårleg i fjor. Det var fall i innteninga og tilmed negative resultat i verkstadindustrien, og lønn som del av verdiskapinga i denne delen av næringslivet nærma seg 90 prosent. Det er det høgste på 40 år, seier han.
– Vi treng konkurranseutsette bedrifter, og dei kan ikkje ha ein annan lønnsvekst enn den som sørgjer for at dei er konkurransedyktige, strekar Dørum under.
Under eit presseseminar onsdag løfta NHOs sjeføkonom Øystein Dørum fram fem hovudtrekk ved økonomien som vil danne ramma for lønnsoppgjeret i vår:
Vi er inne i eit breitt basert, men forsiktig oppsving i økonomien. Dei moderate lønnsoppgjera dei siste fem åra kan ta sin del av æra for det.
Konkurranseevna i norske bedrifter er betra, men lønnskostnadene ligg framleis 29 prosent over EU-snittet.
Arbeidsløysa går ned, og det er større press i økonomien.
Det er låge driftsresultat og rekordhøg lønnsdel i industrien.
Vekstbiletet i verda rundt oss er svakare og meir usikkert. Handelsuro og eit kaotisk brexit legg ein dempar på stemninga internasjonalt.
Oljecomeback
Ei vesentleg årsak til at optimismen er større i Noreg enn elles i verda, er ein etterlengta opptur for oljeindustrien.Det kraftige prisfallet i 2014–2015 ramma næringa hardt, og titusenvis i olje- og oljeservicebransjen mista jobben. No har petroleumssektoren henta seg sakte, men sikkert inn igjen, og pessimismen i NHOs medlemsbedrifter er snudd til svak optimisme.
– Frå å vere veldig låge i 2015 har bedriftsinvesteringane i Fastlands-Noreg auka med 30 prosent dei siste åra, og vi forventar at dei aukar med ytterlegare 5 prosent årleg i åra framover. I tillegg blir det venta ein auke i oljeinvesteringane på 10 prosent i år, seier Dørum.
– Auken i oljeinvesteringane blir drive av auka oljeprisar og store kostnadskutt, held han fram.
Auka sysselsetjing
Positiviteten gjer seg ikkje berre gjeldande i oljenæringa. Samla sett seier NHOs medlemsbedrifter at dei vil tilsetje fleire det neste året. Det gjeld òg i industrien, som vart hardt ramma både av finanskrisa og den etterfølgjande oljekrisa.Dørum skildrar jobbveksten i Noreg som «overraskande frisk».
– Ifølgje nasjonalrekneskapen vart det 44.000 fleire jobbar i 2018, og AKU-tala viser endå større vekst, seier han.
– Denne utviklinga trur vi kjem til å halde fram. Inneverande år reknar vi med ein jobbvekst på 1,5 prosent, mellom anna basert på at bedriftene sjølv seier dei kjem til å auke sysselsetjinga, held Dørum fram.
– Ingen høgkonjunktur
Sjølv om optimismen er større enn han har vore på mange år, er det likevel ikkje slik at Noreg er på veg inn i ein høgkonjunktur, understrekar Dørum.– Vi er inne i eit konjunkturoppsving, men det er fleire grunnar til å tru at dette oppsvinget blir moderat, seier han.
Sjeføkonomen viser til at viktige vekstdrivarar som lågare rente, ekspansive statsbudsjett og svak kronekurs er på veg bort.
– Vi reknar med at Noregs Bank vil heve renta med 1,25 prosentpoeng, og sidan norske hushald er i ferd med å setje verdsrekord i gjeld, vil dette føre til ein tilsvarande reduksjon i kjøpekraften. Det vil i sin tur dempe det private forbruket, seier han.
– Det er òg vanskeleg å tru at vi vil få nye rundar med svakare krone. Det er stor grunn til å tru at krona heller vil styrke seg, seier Dørum.
Høg lønnsdel
På same måten som sjefen sin Ole Erik Almlid meiner Dørum det er rom for å innfri både kravet til arbeidsgivarsida om betra konkurransekraft og LOs krav om reallønnsauke i lønnsoppgjeret i år.Han åtvarar likevel mot å auke lønningane for mykje.
– I den delen av norsk økonomi som er mest relevant for forhandlingane, nemleg industrien, gjekk det overraskande dårleg i fjor. Det var fall i innteninga og tilmed negative resultat i verkstadindustrien, og lønn som del av verdiskapinga i denne delen av næringslivet nærma seg 90 prosent. Det er det høgste på 40 år, seier han.
– Vi treng konkurranseutsette bedrifter, og dei kan ikkje ha ein annan lønnsvekst enn den som sørgjer for at dei er konkurransedyktige, strekar Dørum under.
Vi treng konkurranseutsette bedrifter, og dei kan ikkje ha ein annan lønnsvekst enn den som sørgjer for at dei er konkurransedyktige
Publisert: 07.03.2019 15:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32