Mariann øye damene først foto marius 33
HISTORIEFORTELJAR: Hotelldirektør Mariann Øye ved Union Øye-hotellet imponerte salen på Damene Først med song på italiensk. Ho blei «kasta» inn i jobben som 22-åring og samanliknar jobben med å stå på ei scene - og seg sjølv om historieforteljar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Eg var vettskremt og uendeleg stolt

Mariann Øye blei hotelldirektør som 22-åring. Grip sjansen og hald humøret oppe, var bodskapen på Damene Først-konferansen.

Marius Rosbach
24.09.2021

Deltakarane på Damene Først-konferansen i Ålesund fekk torsdag høyre korleis Mariann Øye opplevde å bli den yngste hotelldirektøren i landet som 22-åring.

– Eg var vettskremt og uendeleg stolt, fortalde ho på scena.

Rådet Union Øye-sjefen vil gi til andre i tilsvarande situasjon, er både enkelt og vanskeleg.

– Ein må berre tru på seg sjølv og ein kan ikkje gå å vere redd. Ein må tenkje at ein har fått jobben av ein grunn, og at det ikkje er noko som kjem ut av ingenting, fortel ho til NETT NO.

Samtidig påpeiker ho at ein ikkje kan tru at alt går godt alltid.

– Det har vore mykje grining – men ein må leve på oppturane og menneska ein møter, fastslår ho.

Karin Fevaag Larsen damene først foto marius 11
KREV INNSATS: Ein må gjere ein innsats for at ting skal vere bra, minna Karin Fevaag Larsen om . Foto: Marius Rosbach

Fekk fram latteren
Konferansedeltakarane fekk også møte «energibomba» Karin Fevaag Larsen. Ho jobbar over heile landet med person- og organisasjonsutvikling i sitt eige firma Ny Giv.

Ho fortalde at mange menneske ho møter er slitne.

Med humor og påminningar om kort viktig det er å være positiv – og smile – sjølv vom det er krevjande, fekk Fevaag Larsen fram latteren eit titals gonger i salen.

Ho meinte folk bør bruke meir tid på å dyrke det ein er god på.

– Eg trur at det å omgåast folk som ler, gir overskotog energi. Og er det ei tid vi verkeleg treng det – så er det no når alt skal opnast att, sa ho.

Damene først 2021 foto marius
REKORDDELTAKING: Damene Først blei arrangert for tiande gong torsdag, med kring 200 i salen. Det er ny rekord. Foto: Marius Rosbach

– Må tore å formidle ein bodskap
Mariann Øye vaks opp med ein far som «kom i skade» for å bli hotelleigar, som ho seier. Frå ho var fire år gamal hang ho i hælane på han og fekk lov til hjelpe til.

Ho drøymde heilt frå barndommen om å bli direktør, og samanliknar jobben med å stå på ei scene.

– Ein må tore å formidle ein bodskap, uansett om det er framfor kokkane på kjøkkenet eller gjestane i lobbyen, fortalde ho.

Difor tok ho musikarutdanning før ho starta på hotellutdanning. Framfor deltakarane på Damene Først-konferansen varta ho opp med entusiastisk historieforteljing før og avslutta med song på italiensk.

(saka held fram under)

Hotel union øye bygging 11
HEILÅRSDRIFT: Hotellet aukar kapasiteten frå 27 til 45 rom – der fleire er større suitar. Utbygginga betyr også ei omlegging til heilårsdrift. Foto: Mariann Øye

Vil berge heimbygda
I løpet av det siste året har Union Øye-hotellet inst i Hjørundfjorden gjennomført første byggetrinn av ei omfattande utviding. Eigarane i Flakk-gruppa investerer meir enn 200 millionar kroner i nye fellesbygg og fleire rom.

– At vi får med eigarane våre til å satse fleire hundre millionar kroner i ei bygd som hadde 32 innbyggjarar, er heilt fantastisk, meiner hotelldirektøren.

Etter at kjøkensjefen med kone og tre døtrer har kome til bygda, er dei 37.

I sommar har Øye har nærare 66 tilsette på lønningslista med fullt køyr i tre månader. Dei fleste jobbar deltid og er ekstrahjelp, men ho håpar å ha 25-30 fast tilsett på hotellet på sikt.

Planen er heilårsdrift. Neste juni opnar hotellet ferdig utbygd.

Hotel union øye foto arild esnali 11
KLAR FOR NESTE BYGGETRINN: Hovudbygget er forlenga lengst frå kamera. Til venstre kjem eit nytt bygg med kombinert konferansesal og festlokale. Foto: Arild Esnali

Publisert: 24.09.2021 05:55

Sist oppdatert: 24.09.2021 09:52

Mer om