Hotel union geiranger montasje mjelva foto ogne marius 11
FÅ FRÅ UTLANDET: Dagleg leiar og eigar, Sindre Mjelva, ved Hotel Union Geiranger har berre hatt fem prosent av inntektene frå utanlandske besøkande. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Berre ein av 20 gjestar frå utlandet

– Det store spørsmålet blir om ein-meteren forsvinn, seier Hotel Union Geiranger-eigar om hausten.

02.08.2021

(NPK-Peder Skjelten): Nordmenn har fylt opp norske hotell i fellesferien i mangel av utanlandske turistar. Det har gjort at hotella har greidd seg fint hittil i sommar, men dei ser mørkt på hausten om ikkje grensene opnar.

Berre fem prosent av gjestane på Hotel Union Geiranger i år er utanlandske, fortel daglei leiar- og eigar, Sindre Mjelva, til Nynorsk pressekontor.

– Det er snakk om eit hundretals besøkande frå utlandet. Vi har til vanleg eit anna volum gjennom heile året, men nordmenn kjem for det meste berre i juli.

Det er i hovudsak snakk om tyske turistar som har kome. Turistar frå Asia og USA, som er den viktigaste marknaden for hotellet, har ikkje vist seg.

Vi har til vanleg eit anna volum gjennom heile året,
Sindre Mjelva

Ned 91 prosent
Det var ein kraftig vekst i talet på norske overnattingar i juni i år, samanlikna med juni i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyå.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 2,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder, ein auke på 18 prosent samanlikna med juni i fjor. Tala viser også det store fallet i utanlandske overnattingar.

– Utanlandske overnattingar fall med heile 91 prosent, medan norske overnattingar berre fall med 3,4 prosent samanlikna med rekordåret 2019, skriv SSB.

Kurs og konferansar
Mjelva seier det er avgjerande at kompensasjonsordninga held fram til våren 2022 og at det vil ha mykje å seie om regelen om éin meter avstand skal gjelde også i haust.

– Det store spørsmålet blir om ein-meteren forsvinn og vi kan få i gang kurs- og konferansar igjen, men det verkar som det sit langt inne. Det gir i alle fall store konsekvensar for dei som driv med kurs og konferansar

– Kor levedyktige er de slik det er no?

– Vi lever på nåde av kompensasjonsordning og bankar. Dei avgjer kor lenge vi klarar dette.

Travle dagar
Til Sogn Avis seier hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotell i Balestrand at ut ifrå føresetnadane er dei nøgde med sesongen så langt, men ventar framleis på at dei utanlandske turistane skal kome.

– Det er mykje likt som i fjor. Sesongen byrjar roleg, og så eksploderer det i fellesferien. Nett no er det veldig travle dagar, seier Kvikne til Sogn Avis.

– Nordmenn reiser ikkje mykje i august, så me ventar at etterspurnaden minkar. Telefonen blir rolegare og rolegare.

Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Opne grenser
Nils Henrik Geitle ved De Historiske, ein hotellkjede med 66 hotell og 23 spisestadar i heile Noreg, fortel at det har vore ein auke på om lag 26 prosent besøkande totalt i sommar. 96 prosent av desse har vore nordmenn, medan berre fire prosent har vore turistar frå utlandet. I eit normalår er talet 60 prosent nordmenn og 40 prosent frå utlandet på sommaren.

– På lang sikt er dei utanlandske turistane viktige. Vi klarar oss fint på den norske marknaden om sommaren, men på sikt treng vi utanlandske. Spesielt hotella på Vestlandet og i Nord-Noreg er avhengige av utanlandske gjester, seier Geitle til Nynorsk pressekontor.

Det har byrja å kome bestillingar for august og september frå gjester frå Tyskland, Nederland og Danmark, men hotellet er framleis usikre på korleis hausten blir.

– Vi er godt fornøgde med sommaren så langt, men håpar grensene kan opnast på sikt.

(©NPK)

Publisert: 02.08.2021 10:45

Sist oppdatert: 02.08.2021 11:01

Mer om