Ei god loeysing for alle partar
ULSTEINVIK: Bjørn Klubbenes og Oddhild Sandanger ser ut til å verte ein del av storkonsernet HRG Nordic.
Nytt

- Ei god løysing for alle partar

Han har leia reisebyrået i Ulsteinvik i 35 år. Han ser positivt på at storkonsernet HRG Nordic no overtek.

07.02.2018
- Ja, dette er ei god løysing for alle partar. Vi kjem inn i eit stort nordisk system, samstundes som at vi er lova at satsinga frå Ulsteinvik held fram for fullt, seier Bjørn Klubbenes.
67-åringen har bunde seg til å arbeide ut året.
- Vi får sjå kva som skjer då, men det har vore ei fantastisk spennande reise, der vi har operert i takt med bølgjedalane i industrien på søre Sunnmøre.
Han er spesielt glad for at arbeidsplassane i Ulsteinvik ser ut til å vere sikra.
- Ja, planen er å fortsette med den same staben. Dette er ein viktig kvinnearbeidsplass. Heile 20 av 24 tilsette er kvinner.
- Her er også mange som har vore med svært lenge, og alle var glade då nyheita vart lansert.
Klubbenes seier at det har vore fleire beilarar, før ein endeleg sa ja til HRG Nordic.
- Vi har sagt nei tidlegare, men no følte vi at tida inne til å gå inn i eit større system.
- Også vi har merka problema i offshoreindustrien.
Ei viktig årsak til overtakinga er at HRG Nordic har vunne storkontrakt med Rolls-Royce-konsernet, og tek samstundes over G Travel i Ulsteinvik, som i mange år har handtert reisene til dei Rolls-Royce-tilsette.
I ei pressemelding seier europasjef Christer Norlund i HRG-konsernet at dette er ei viktig satsing.
- Rolls-Royce vil bli ein av våre største kundar i Norge, og avtalen vil skape aktivitet i heile vårt internasjonale nettverk.
Norges- og Nordensjef Mattias Andersson viser til at det finst mykje god kompetanse i tidlegare 'Viking Reisebyrå' i Ulsteinvik.
- HRG Nordic har god kundetilgang for tida. Difor er det veldig bra å få fleire dyktige medarbeidarar på laget.
- Vårt mål er å utvikle dette miljøet til å bli ein integrert del av HRG-familien på Vestlandet, som allereie inkluderer kontor i Bergen, Haugesund, Stavanger og Ålesund. Det blir vinn-vinn for både kundar og medarbeidarar, seier han.
Hogg Robinson Group (HRG) er eit av verdas største reisebyrånettverk, med 14.000 tilsette i 120 land.
I Norge er HRG av dei største aktørane på forretningsreiser.
I tillegg til seks eigeneigde reisebyrå er 16 lokale byrå tilknytta som franchisetakarar. Desse jobbar med feriemarknaden under merkenamnet Bennett Ferie og med bedriftsmarknaden under HRG Nordic-namnet.
Dette er ein viktig kvinnearbeidsplass. Heile 20 av 24 tilsette er kvinner

Publisert: 07.02.2018 16:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18