Ei runde i lagmannsretten 10 3 millionar kroner
MÅ VENTE: Aker Biomarine-sjef Matts Johannson (t.v.) og Rimfrost-eigar Stig Remøy må vente enda nokre veker på utfallet av rettsak dei møttes i før jul i fjor.
Nytt

Ei runde i lagmannsretten: 10,3 millionar kroner

Dommen i lagmannsrettsaka mellom Aker Biomarine og Rimfrost er utsett til starten av februar, men rekninga er klar.

15.01.2020
Sakomkostningsoppgåvene frå advokatselskapa Bahr og Wiersholm er på tilsaman 10,3 millionar kroner, viser krava som advokatane har sendt til retten.
Dette er ei rekning som den tapande part må rekne med å betale.
Bahr, som representerer Aker Biomarine, har eit krav på 4.465.037 kroner. Wiersholm, som representerer Rimfrost, har eit krav på 5.884.371 kroner i samband med rettsaka i Frostating lagmannsrett før jul 2019. Sakskostnadane omfattar både advokatane sitt eige honorar, reise- og andre kostnadar og innleige av sakkunnig teknisk ekspertise.
Etter at partane møttes i tingretten i desember 2018, var den samla saksomkostningsoppgåva på 5,2 millionar kroner.
Aker Biomarine er eigd av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som hovudeigar. Rimfrost er eigd av Stig Remøy.

Må vente på dommen

Den opphavlege meldinga frå Frostating Lagmannsrett før jul 2019, var at dommen i saka ville kome i midten av januar i år.
Tysdag ettermiddag fekk partane melding om at det tek lenger tid. Dommen kjem 3. eller 4. februar, opplyser retten til NETT NO.

Strid om teknologi

Aker Biomarine og Rimfrost strides om retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel.
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.

Publisert: 15.01.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50