Ei umogleg oppgaave
STAS: Den siste at tre moderne frysetrålarar til reiarlaget Havfisk vart døypt fredag 7. mars. Teknologien ombord gjer det råd for fiskekjøparar over heile verda å konkurrere om fisken.
Nytt

Ei umogleg oppgåve

Folk i Nord-Noreg protesterer mot frysetrålarane. Det var ein nordlending som var sentral for å sikre suksessen.

09.03.2014
ANALYSEEinar Mårstad frå Sortland starta alt på 90-talet med å bygge ei kjede av fryseri langs kysten, frå Kirkenes til Måløy. Frysehotell blei dei kalla, og med dei blei det siste naturgjevne sambandet brote mellom fiskarane på havet og foredlingsbedriftene på land. Fiskarane trong ikkje industrien lenger, i alle fall ikkje dei som var ombord i dei store båtane.Mårstads selskap, Coldstore & Transport Group blei etterkvart kjøpt opp, og er i dag ein del av Eimfish Shipping, eit utanlandskeigd selskap. Men om Mårstad sjølv er ute av frysebusinessen, så er spora etter han tydlege.Frysehotella er ein del av fiskerirevolusjonen som nyleg fekk sinte finnmarkingar og nordlendingar til å demonstere mot Kjell Inge Røkke, regjeringa og fiskeripolitikken i allminnelegheit.Det handla om leveringsplikt for trålarane Røkke-selskapet Norway Seafoods fekk kjøpe på 90-og tidleg på 2000-talet. (Selskapet er seinare delt i reiarlaget Havfisk og industriselskapet Norway Seafoods)I bytte for å få hand om kvotane som var knytt til båtane, måtte selskapet forplikte seg til å levere fisken til industrien på land - til bedrifter som først og fremst dreiv med tradisjonell filetering - med forbrukarpakkar i frysedisken som eitt av sluttprodukta.No, etter omorganiseringar og oppdelingar på eigarsida, og politiske vedtekne endringar i leveringsplikta undervegs strides partane om kva som eigentleg låg og ligg avtalen, og korleis den skal handterast vidare. Det er ein strid som truleg vil halde fram ei god stund, og minst så lang tid det tek for fiskeridepartementet å undersøkje om avtalane eigentleg er overhaldne. .Det kan godt spørjast om dette var ein naiv avtale, om forsøket på å halde liv i landindustrien på denne måten var dømt til å mislukkast, og om fiskekvotane heller burde seljast eller delast ut til høgstbydande - og la landindustrien segle sin eigen sjø.Den striden lar vi ligge no.Men la oss sjå på revolusjonen Mårstad var med på å drive fram.Før fryseteknoligien kom sette naturen grenser for kvar fiskarane kunne finne kjøparar. Venta dei for lenge med å levere vart fisken rett og slett øydelagd og verdilaus. Talet på kjøparar fiskarane kunne selje til var avgrensa av kor mange mottak dei kunne nå før fisken vart skjemt. Færre kjøparar betyr mindre konkurranse om fisken. Fiskarane leverte dit det var mest å hente, under dei vilkåra som rådde då. I fryseriteknoligen sin barndom var det landanlegga som sat med frysekapasitet. Fiskarane måtte framleis levere til landanlegg. Slik var framleis det dominerande biletet då Norway Seafoods kom på banen. Men bilete var i rask endring. Fleire og fleire såkalla ferskfisktrålarar - som kunne ha fisken lagra i dagevis ombord før dei leverte - fekk motert fryseanlegg.Dermed kom og marknaden for fryselagra Mårstad bygde opp. I staden for å selje fisken til eit mottaksanlegg på land kunne fiskarane lagre den i iskalde lagerhallar - og selje fisken når prisen var god.Samstundes kom kinesarane på banen, og endra alt. Titusenvis av fiskeindustriarbeidsplassar dukka opp i Kina, nesten på andre sida av kloden. Frose råstoff kom med skip og tog, blei tina opp og filetert, før fisken blei pakka, frosen og sendt ut i verda igjen. Eg har sett det sjølv for over ti år sidan, hygienen og kvaliteten på arbeidet var ypperleg. Og løna låg godt under 1000 kroner, i månaden. Tanken som slo meg der eg gjekk mellom dei stillferdige arbeidarane - alt foregjekk manuelt - var at dette ville vere slutten for tradisjonell norsk filetindustri. Arbeidarane der tener meir no, men likevel er det småtteri i norsk målestokk.CN3100 står det på fiskepakkane som har vore til foredling i Kina. Til og med i Vardø, med storhavet rett utanfor butikkvindauget, her eg funne ein 400 grams fiskefiletpakke med CN3100 -stempel på. Fisken i pakken var fiska i det nordaustlege Atlanterhavet. Den måtte berre ein omveg om Kina først.Slik er det blitt. Verda er endra. Fiskeforedlingsbedriftene i Noreg må konkurrere om eit råstoff som er blitt ei internasjonal handelsvare.Dersom deler av industrien ikkje klarer å utvikle produkt som er lønsame nok til at den kan betale ein konkurransedyktig pris, kva då?Klippfiskindustrien klarer det, og nokre av dei bedriftene har til og med klart å Skal fiskeflåten tvingast til å levere til den som ikkje betalar best? Skal vi late som om fryseteknologien ikkje finst?Det kan godt hende det går an å tvinge leveringsplikt gjennom, men vil det gå i det lange løp?No er det fiskeriminister Elisabeth Aspaker som har jobben med å finne ut av floka. Har ho ambisjonar om at alle skal bli nøgde, så er dette ei umogleg oppgåve.

Publisert: 09.03.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31