Eigenkapitalbevis til Sparebanken Moere sjefar
DELER UT: Adminstrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre har delt ut eigenkapitalbevis til leiargruppa. 
Nytt

Eigenkapitalbevis til Sparebanken Møre-sjefar

Ni sjefar i Sparebanken Møre får nye eigenkapitalbevis. Eig eigenkapitalbevis for 11,7 millionar kroner.

17.02.2020
Mandag 25. januar 2016 var eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre verdsett til 172,50 kroner pr. eigenkapitalbevis. Etterpå har det vore ein nesten samanhengande opptur, og så langt i 2020 har eigenkapitalbevis-kursen stige ytterlegare 8,8 prosent og blir i dag handla til 345 kroner pr. grunnfondsbevis.

Ni sjefar i banken, som alle er i innsideposisjon, har fått tildelt nye eigenkapitalbevis som ein del av avlønningssystemet i banken. Tilsaman har dei fått tildelt eigenkaptialbevis for knappe 800.000 kroner og eig nye eigenkapitalbevis for i alt 11,7 millionar kroner.
Her kan du lese kor mange eigenkapitalbevis kvar einskild på innsider-lista får tildelt. I parantes står kor mange eigenkapitalbevis kvar einskild eig etter tildelinga.

Terje Krøvel, leiar divisjon Næringslivsmarknad, 291 (5.489) Runar Sandanger, leiar Treasury & Markets, 291 (4.480)Erik Røkke, leiar seksjon Risikostyring og Compliance, 254 (6.593)Kjetil Hauge, leiar seksjon Organisasjonsutvikling, 218 (2.374)Idar Vattøy, leiarr Økonomi, Reknskap og Eiendom, 218 (5.082)Tone S. Gjerdsbakk, kommunikasjonssjef, 218.(3.314)EElisabeth Blomvik, leiar divisjon Personmarked, 291 (1.099)Perdy Lunde, leiar seksjon Forretningsutvikling, 218 (4.629)Arild Sulebakk, leiar seksjon Kundeopplevelse, 218 (909)
Administrerande direktør Trond Lars Nydal er også omfatta av avlønningsordninga, men for han er det styret som bestemmer kor mange eigenkapitalandelsbevis han skal , og han får dentfastsett på ein annan dato.
I 2019 fekk han tildelt 763 eigenkapitbevis og kom opp i 6877 eigenkapitalbevis, som til dagen kurs er verdsett til 2,4 millionar kroner.

Publisert: 17.02.2020 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53