Ein klesbutikk sjoelv menn likar
DRAUM: Terje Kragset kjøpte Fjord-Kongen på billegsal, og satsar på å bruke ferja til flytande klesbutikk, fjordcruice og partyferje. - Dette er ein draum som har vorte realitet, seier han.
Nytt

Ein klesbutikk sjølv menn likar

Den tidlegare Nesodd-ferja Bamse Brakar har vorte klesbutikk, party- og cruiseferje. Om bord kjem også mannfolka for å sjå på klede.

22.06.2015
- Tidlegare hadde vi berre dameklede, men no har vi utvida med også herreklede. Årsaka er rett og slett at det er masse menn som vert med damene sine om bord, seier Terje Kragset.
Den utflytta hakallestrandingen er statslos i Stavanger, og har kjøpt den 54 meter lange ferja Fjord-Kongen. Den 47 år gamle ferja trafikkerte i ei årrekkje mellom Aker Brygge i Oslo og Nesodden.

Kunne ikkje seie nei

Men ferja vart kjøpt av selskapet Fjordservice Sogn og Fjordane for å gå cruise inn Lysefjorden. Dette gjekk ikkje så bra, og etter å ha lege til kai i over to år i Stord, vart ferja seld på tvangssal av kommunen for å dekkje kaiutgifter.
- Eg betalte 1,3 millionar kroner. Ferja var større enn det eg eigentleg hadde tenkt, men eg kunne ikkje seie nei.
- Ferja vart ombygd og opprusta ved Fiskerstrand Verft i 1992, og ho er i prima stand. Eg har gjort eit godt kjøp, seier Kragset.
Han har mange planar for bruken av ferja. Ein av planane er alt iverksett. Det er å reise med ferja frå stad til stad for å selje franske moteklede.
Klessalet er det kona Karin, opphaveleg frå Måløy, som står bak. I over 15 år har ho drive motebutikkar i Måløy, Stavanger, Sandnes, Gran Canaria og no sist Hakallestranda i Vanylven.

Godt sal

Karin Kragset har stor tru på klessal frå ferja Fjord-Kongen.
- Ja, hittil har det gått bra. Under Måløydagane i Måløy hadde vi svært høg omsetning.
- Det spesielle er at her kjem folk om bord både for å sjå, for å setje seg ned og slappe av, og for å kjøpe klede.

Eige opplegg

Terje Kragset hadde eigentleg tenkt å jakte ulike "dagar", og leggje til kai med moteferja der det likevel var aktivitetar på gang.
No tenkjer han annaleis.
- Planen er no at vi sjølve skal oppsøkje ulike stadar med ferja, gjerne små stadar, og lage eit opplegg sjølve med underhaldning og servering.

Turferje

I tillegg skal ferja brukast til å ta turar for bedrifter, lag og organisasjonar.
- Dette var eigentleg ei passasjerferje for 600. No har vi 100 gode sitjeplassar iden store salongen, vi har kafèsal, vi har god uteplass og vi har også laga baravdeling.
- Skulle nokon vere så uheldig å få raudvin på skjorta, er det berre å gå inn i klesbutikken og kjøpe ei ny skjorte.

Vanylven Utvikling

Ideen om fjordcruise var det dagleg leiar Tor Inge Nygård i Vanylven Utvikling som kom med.
- Eg hadde først tenkt å ha ferja nær heimebasen i Stavanger. Men eg tende på idèen om fjordcruise på Sunnmøre, seier Kragset.
Han fekk også tilført 360.000 kroner i støtte med Innovasjon Norge.
- Det har vore ei positiv velvilje over heile lina. Då er det også kjekt å satse.

Ein draum

Kragset kjem sjølv til å vere skipper på ferja ettersom han som statslos er fire veker på og to veker av i jobben. Maskinisten har sjølv kjøpt seg inn med 20 prosent, og får som eigar dermed ikkje ordinær løn.
Kragset trur prosjektet vil løne seg.
- Vi gjer dette både fordi det er moro, i tillegg til at vi trur at det også ligg grei økonomi i det.
- I alle fall er dette ein draum som har vorte realitet.
Det har vore ei positiv velvilje over heile lina. Då er det også kjekt å satse

Publisert: 22.06.2015 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44