rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Ein av tre konkursar i bygg- og anlegg

Selskap med 20 år i bransjen gjekk til tingretten før helga.

Marius Rosbach
29.08.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Aktiv Boliger etter at leiinga melde oppbod mot slutten av førre veke.

Samla gjeld er opplyst å vere på 2,6 millionar og verdiane på kring 2,1 millionar. Verksemda i bedrifta som jobba med oppføringar av bygninger, er innstilt.

Første skiftesamling i saka er sett opp 17. oktober med Bjørn-Ivar Borgund som bustyrar.

Har vore 20 år i bransjen

Ålesund-firmaet har vore i drift sidan 2000, og hatt inntekter på meir enn 20 millionar kroner på det høgaste.

Dei siste åra har byggefirmaet hatt lite inntekter og siste rekneskap frå 2020 viser ei omsetning på knappe 1,9 millionar kroner.

Det året gjekk med overskot, men gjelda var nærare ti gonger eigenkapitalen ved utløpet av året.

29 av 100 konkursar i bygg- og anlegg
Så langt i år er det opna nøyaktig 100 konkursar i Møre og Romsdal. Det er fleire enn i fjor på same tid, då talet var 87 konkursar ved utløpet av august månad.

Selskap innan bygg- og anlegg toppar framleis statistikken – på negativt vis. 29 av 100 konkursar kjem i år frå denne bransjen.

Bygg- og anlegg har i fleire år utmerka seg negativt på statistikken. Også i fjor på denne tida utgjorde denne bransjen kring ein av tre konkursar. Mange av selskapa som går konkurs har vore i drift berre i få år, og har hatt låg omsetning.

Publisert: 29.08.2022 10:06

Sist oppdatert: 29.08.2022 10:46

Mer om