Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ingen nåde for snikkarbedrift

Giske-firma bad om meir tid, men skatteetaten held fast på konkurskravet.

Marius Rosbach
21.06.2022

Måndag kom den tredje konkursen i bygg- og anleggbransjen på ei veke i Møre og Romsdal. Snikkarbedrifta Ge Håndverk på Valderøya vart slått konkurs i Møre og Romsdal tingrett etter krav får skattestyresmaktene.

Firmaet har vore i drift sidan 2018, og omsette for nær seks millionar i 2020. Dagleg leiar opplyste at dei har vore sju tilsette i arbeid den siste tida, og hatt tre-fire prosjekt gåande.

Bad om meir tid
Dagleg leiar bad om to-tre vekers utsetting av kravet på knappe 790.000 kroner.

Skuldaren viste til at firmaet hadde verdiar i form av verktøy og varelager, uteståande fordringar på fleire hundre tusen, i tillegg til arbeid som ikkje var fakturert for enno.

Snikkarbedrifta har også meir gjeld til skattestyresmaktene, enn innhaldet i kravet. Det er også inngått ein avtale om nedbetaling frå ei særordning i samband med koronapandemien.

Den totale gjelda er difor på 1,968.040 kroner, ifølgje rettspapira.

Skattetetaten hadde fått nok
Bakgrunnen for kravet er manglande betaling av moms, skattetrekk og arbeidsgivaravgift, og skattetetaten meinte firmaet hadde hatt nok tid til å gjere opp for seg.

Skatteetaten viste til at det eldste kravet forfall til betaling oktober 2021, og difor har vore av noko varigheit. Det er heller ikkje synleggjort at verdiane vil overstige krava.

Axel Villads Lange er bustyrar i saka og første skiftesamling er 8. august.

Publisert: 21.06.2022 12:00

Sist oppdatert: 21.06.2022 12:09

Mer om