Tomislav debeljak kleven juni 33
Bustyret i Kleven-konkursen meiner det var tidlegare Kleven Verft-eigar Tomislav Debeljak sine handlingar som gjorde at selskapet gjekk konkurs. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tidlegare verftseigar saksøkt for 193 millionar

Buet etter Kleven-konkursane har levert krav om erstatning.

Marius Rosbach
04.07.2022

Buarbeidet etter konkursane i fleire tidlegare Kleven Verft-selskap er kome eitt skritt lengre.

I årsmeldinga frå buet kjem det fram at det er levert stemning til Hordaland tingrett på 193 millionar kroner mot Tomislav Debeljak. Det er også teke ut stemning mot forsikringsselskapet som teikna forsikring om styreansvar.

Saka blei først omtalt i Sunnmørsposten.

Tap på 351 millionar
Buet har i lengre tid jobba med eit søksmål mot kroaten for å få inn noko av dei 351 millionane som gjekk tapt.

Bostyrar Bjørn Åge Hamre påpeiker i meldinga at behandlinga i rettssystemet avgjer kor lang tid det vil går før arbeidet i konkurssaka er ferdig.

Held Debeljak personleg ansvarleg

Tomislav Debeljak var styreleiar i Kleven etter at selskapet hans, Div Group, gjekk inn som eigar våren 2020.

I fjor sommar konkluderte konkursbuet med at dei heldt den kroatiske forretningsmannen personleg ansvarleg for konkursane.

I stemninga som blei levert til tingretten i april går det fram at dei meiner Debeljak misleghaldt plikta til å organisere verksemda på ein forsvarleg måte og handla i strid med lojalitetsplikta mot selskapet.

Debeljak meiner bankane gjorde feil
Den tidlegare verftseigaren har på si side meint at han gjorde det rette for å berge verftsselskapa. Debeljak har tidlegare forklart at han meiner det var feil av bankane å seie opp avtalen med verftet før konkursen i juli 2020.

Han gjentek den forklaringa i ein merknad sendt på e-post til buet i slutten av juni via sin advokat. Han meiner økonomien var betre enn kreditorane hevda, og at det ikkje var grunnlag bankane til å seie opp avtalen.

Det høyrer også med til historia at Debeljak sitt norske selskap, Div Shipbuilding Norway, i sin årsrapport i fjor hevda at dei hadde gått til søksmål.

Publisert: 04.07.2022 14:26

Sist oppdatert: 03.01.2023 13:43

Mer om