Ekornes utespisestol Stressless Laurel foto ekornes 11
EKORNES UTANDØRS: Norge blir den første marknaden som får tilgang til dei nye utemøblane frå Ekornes, gjennom Møbelringen-butikkane. Foto: Ekornes
Nytt

Ekornes lanserte utemøblar

Spisestol først ut i marknad som Ekornes-sjefen trur har millliardpotensial.

Marius Rosbach
02.03.2022

Onsdag lanserte Ekornes sitt første utemøbel, spisestolen Stressless Laurel. Dette er første produkt i ein ny utandørskolleksjon frå møbelprodusenten, som kjem i år.

– Vi har hatt mange produktlanseringar dei siste åra, men sjeldan har vel stemninga på fabrikken vore så forventingsfull som no, uttaler Ekornes-sjef Roger Lunde i pressemeldinga.

Resirkulert og vannavvisande
Stolen er ifølge lanseringsomtalen ein moderne slank stol med bevegeleg sete og rygg. Skilnaden frå innevarianten, er betre motstand mot ver og vind.

Trekket er laga av resirkulert materiale med vannavvisande overflate og fuktsperre på innsida.

Lunde ventar at serien kalla «Stressles Outdoor» vil nå liknande salsvolum som spisestuestolane dei sel til innandørs bruk.

Trur på milliardmarknad
Ekornes-sjef Roger Lunde fortalde til NETT NO i haust at han trudde marknaden har potensiale til å gi møbelkonsernet nye milliardinntekter.

– Utandørsmøblar og spisestuemøblar i verdssamanheng er kjempedigre marknader, påpeika han då nysatsinga blei vist fram første gong under industridesignkonferansen på Giske.

Ekornes opplever gode tider og leverte tysdag rapporten for 4. kvartal i fjor. Den viser ei rekordhøg ordrebok og bemanning.

Publisert: 02.03.2022 13:44

Sist oppdatert: 02.03.2022 13:58

Mer om