Roger lunde nina volstad idc 2021 foto marius 11
HØGTEKNOLOGISK: Roger Lunde i Ekornes med konferansier Nina Volstad på Giske torsdag. Konsernsjefen fortel at møbelprodusenten med hovudkontor i Sykkylven, skal bygge vidare på det dei har lukkast med dei siste åra - høg grad av automasjon og robotisering i produksjonen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Viste fram nysatsing første gong

– Eg trur det har milliardpotensial, seier Ekornes-sjefen om dei nye utemøblane.

Marius Rosbach
22.10.2021

Konsernsjef Roger Lunde i Ekornes var mellom dei som fortalde om sine erfaringar til deltakarane på industridesignkonferansen IDC på Giske torsdag.

Publikum i Øygardshallen blei også dei første utanom potensielle kundar, som fekk sjå bilda av den nye satsinga med utemøblar frå møbelprodusenten.

– Vi meiner at vi har verdas sterkaste merkevare innan møbel med Stressless, og vi er til stades globalt. Då er det heilt naturleg å kome med nye produktkategoriar, fortel Lunde til NETT NO.

Seinare på kvelden blei møbelprodusenten kåra til årets industridesignselskap under ei prisutdeling i Ålesund.

Ekornes utemøblar foto ekornes 11
UTEMØBLAR: I møbelsamanheng er det berre sofa og seng-segmenta som er større enn marknaden for spisestuemøblar og utemøblar. Snart er Ekornes representert i alle segmenta. Konsernsjefen viste fram desse bilda på Giske-konferansen. Foto: Ekornes

Lanserer utemøblar neste år
I løpet av dei siste åra har Ekornes kome med møblar til spisestue. Lunde meiner det er naturleg å ta steget ut i friluft. Kolleksjonen blir først lansert neste år.

– Nå blir vi meir ein produsent med fullsortiment, og eg meiner vi har moglegheita til å bli ei av Norges største eksportbedrifter, fortel han.

– Har dokke sett noko mål for omsetning i det nye segmentet?

– Eg trur det har milliardpotensial. Utandørsmøblar og spisestuemøblar i verdssamanheng er kjempedigre marknader, fortel konsernsjefen.

Lunde fortel at dei ikkje treng å bygge opp nye linjer for å handtere produksjonen av utemøblane, men at dei i stor grad kan nytte eksisterande utstyr.

Eg meiner vi har moglegheita til å bli ei av Norges største eksportbedrifter
Roger Lunde

(saka held fram under)

Ekornes idc årets industridesignselskap foto Tone Molnes
VANN PRIS: Torsdag kveld tok Ekornes-tilsette i mot prisen for årets industridesignselskap under utdelinga på Pir i Ålesund. Foto: Tone Molnes

Vil bruke opp att møblane
Stressless-stolane er laga for å vare i mange år. No er møbelprodusenten også i full gong med å finne ut korleis dei kan reparere gamle Stressless-stolar. Slik ønsker dei å forlenge levetida til møblane.

Konsernsjefen trur mange vil synest det er stilig å til dømes få trekt om ein gamal lenestol.

Lunde blei utfordra frå salen om kva Ekornes gjer på berekraft. Då fortalde han at dei hadde begynte å jobbe med korleis møblane blir produsert, slik at dei kan sørge for at komponentane i møblane kan takast frå kvarandre, slik at dei kan resirkulerast.

Bikkar truleg fire mrd. i år
Før Lunde tok over som konsernsjef, hadde Ekornes i stor grad hatt ei flat utvikling dei ti siste åra. Under konferansen fortalde han korleis dei hadde teke grep for å vekse.

– Om du ikkje veks, så er du eigentleg i ferd med å døy, påpeika Lunde framfor salen i Øygardshallen.

Etter at pandemien slo til, var det først bråstopp – før Ekornes fekk ein vekst utan sidestykke i historia til den tradisjonsrike møbelprodusenten.

– I dag har vi fleire enn 3000 tilsette, og vi har tilsett fleire enn 1000 nye det siste året, fortalde han.

Ekornes-sjefen fortalde i fjor at målet er ei dobling av omsetninga innan 2025. Førebels er dei på god veg og møbelkonsernet ligg an til å få ei omsetning på meir enn fire milliardar.

Podium

E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?

Publisert: 22.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 22.10.2021 09:39

Mer om