Elddaap for Remme som NHO direktoer
NY JOBB: Espen Remme har teke over som regiondirektør i NHO Møre og Romsdal etter Torill Ytreberg. 
Nytt

Elddåp for Remme som NHO-direktør

I løpet av første veka på jobb har den nye NHO-direktøren i Møre og Romsdal møtt Mørebenken og vore på årskonferansen til næringslivsorganisasjonen. 

Marius Rosbach
10.01.2020
Etter at Torill Ytreberg slutta som NHO-direktør i Møre og Romsdal ved årsskiftet, er det Espen Remme som har teke over sjefsstolen i organisasjonen. Den tidlegare sjukehusdirektøren starta i jobben denne veka, og har mellom anna rekt å møte stortingspolitikarane på Mørebenken og delta på den årlege NHO-konferansen i Oslo.
– Det var ei fantastisk årskonferanse og eg er teke veldig godt imot, både av lokalt næringsliv og i organisasjonen, fortel Remme til NETT NO.

Uro kring EØS-avtalen

Den ferske direktøren har ikkje nokon programerklæring, eller hjertesak han vil trekke fram spesielt. Men då Remme møtte med Mørebenken saman med representantar frå næringslivet, var EØS-avtalen eit sentralt tema.
– NHO Møre og Romsdal og bedriftene i fylke er opptekne av at politikarane må være forsiktige med å røre EØS-avtalen. 64 prosent av alt som blir produsert i fylke, går til eksport. Og det er EØS-avtalen som legg grunnlaget for dette, seier han.

Les også:


Synspunkt:


Remme fortel at det er ei viss uro i næringslivet kring endringar i forholdet til EU. Samtidig er signala frå Mørebenken samstemte.
– Vi opplever at tilbakemeldingane går på at det er politisk einigheit om at EØS-avtalen ikkje skal rørast, seier han.
Korleis ein kan legge til rette for meir bearbeiding av fisken og utfordringane for små- og mellomstore bedrifter, var andre tema på dagsorden i møte med politikarane.

– Unike moglegheiter

«Neste trekk» var undertittelen på . Mellom spørsmåla som blei stilt, var om Norge ville vere eit godt samfunn å leve i framover, om det vil vere nok jobb til alle – og om vi kan nå klimamåla.

– Erfaringa i vår region både på fiskeri, havbruk og maritim industri gir oss unike moglegheiter i det som kjem, og er ein del av løysingane. Både havvind, det å utnytte havet som vekstareal for biomasse og omstillingsevna i næringslivet på Nordvestlandet, har vist at vi kan spele ei sentral rolle, seier Remme.
Samtidig fortel bedriftene at tilgang på arbeidskraft er stadig meir utfordrande. Kompetanse og utdanning er difor eit satsingsområde for NHO i fylke.

Ut på bedriftsbesøk

47-åringen har vore direktør for Helse Møre og Romsdal, og seier det er store skilnader mellom sjukehusdrift og næringsliv.
– Sjukehus og helse er mykje meir spissa, medan næringsliv er eit mykje breiare felt å ha oversikt over, seier han.
I tida framover vil han prioritere å reise rundt på besøk til bedrifter, for å gjere seg meir kjend.
– Eg vil høyre kvar skoen trykkar, og så vil eg kome meir tydeleg tilbake, seier Remme etter at den første arbeidsveka er over.

Les også:


NHO-sjefen:


64 prosent av alt som blir produsert i fylke, går til eksport. Og det er EØS-avtalen som legg grunnlaget for dette

Publisert: 10.01.2020 17:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49