1. januar starta kontrakten mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 for ferjene mellom Hareid og Sulesund, men dei som venta på å følgje den nye elferja alt i dag, 1. januar, vart skuffa.
- I avtalen med fylkeskommunen låg det inne at ruta skulle trafikkerast med berre ei ferje 1. januar. Vi valde då å bruke ferja Norangsfjord.
Norangsfjord har tidlegare trafikkert strekninga Magerholm- Sykkylven, men vil gå på strekninga Hareid - Sulesund til den siste av Fjord1 sine elferjer er på plass i mars.
Men alt i februar vil elferja Suløy vere klar. Fram til då skal Fjord1 etter planen bruke ferja Glutra.
- Det skjer truleg først 3. januar. Dette har å gjere med at det har vore problem på fleire andre samband.
- Difor vil vi leige inn Tindefjord frå Norled på 2. januar, seier Vik.
No blir det avgang kvart 20. minutt mellom klokka 06.30 og 19.10 på kvardagane. Laurdag vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 07.30 og 19.30.
På søndagane vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 10.30 og 21.30.
Fartøya vil óg bruke kortare tid mellom kaiene på Hareid og Sulesund, frå ca. 25 minutt til 23 minutt.
1. januar har det elles vore store problem i ferjetrafikken med fleire innstilte samband.
Innstilt har også snøggbåtruta vore mellom Ålesund ig Valderøya og Nordøyane, og Widerøe og Norwegian har innstilt fleire flyavgangar.
- I avtalen med fylkeskommunen låg det inne at ruta skulle trafikkerast med berre ei ferje 1. januar. Vi valde då å bruke ferja Norangsfjord.
Set inn Norangsfjord
Det seier operativ leiar Torbjørn Vik i Fjord1.Norangsfjord har tidlegare trafikkert strekninga Magerholm- Sykkylven, men vil gå på strekninga Hareid - Sulesund til den siste av Fjord1 sine elferjer er på plass i mars.
Men alt i februar vil elferja Suløy vere klar. Fram til då skal Fjord1 etter planen bruke ferja Glutra.
- Det skjer truleg først 3. januar. Dette har å gjere med at det har vore problem på fleire andre samband.
- Difor vil vi leige inn Tindefjord frå Norled på 2. januar, seier Vik.
Kortare reisetid
Av endringane er at det også vert fleire avgangar, det vil ta kortare tid å reise over fjorden og fartøya blir større.No blir det avgang kvart 20. minutt mellom klokka 06.30 og 19.10 på kvardagane. Laurdag vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 07.30 og 19.30.
På søndagane vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 10.30 og 21.30.
Fartøya vil óg bruke kortare tid mellom kaiene på Hareid og Sulesund, frå ca. 25 minutt til 23 minutt.
1. januar har det elles vore store problem i ferjetrafikken med fleire innstilte samband.
Innstilt har også snøggbåtruta vore mellom Ålesund ig Valderøya og Nordøyane, og Widerøe og Norwegian har innstilt fleire flyavgangar.
Publisert: 05.02.2019 16:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30