Banken er ikkje nøgd med kjernekapitaldekninga (eit mål på eigenkapitalandelen) og vil bli meir solid. Det er bakgrunnen for den moglege kapitalutvidinga.
Kjernekapitalen er i dag på 13,9 prosent. Banken sitt mål er å passere 14,5 prosent, .
- Vi har ein veldig god vekst, seier han.
Banken har to eigarar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftingan Fjaler, som til saman eig 87 prosent av banken. Resten er eigd av banken sjølv. Den planlagde emisjoner er retta mot dei to stiftingane og Teigene er sikker på at kapitalutvidinga er på plass før jul.
- Det er noko med for tilsette å kunne vere med på den verdistigninga dei sjølv bidrar med, også på eigarsida, seier Teigene.
Kor stor eigarandel dei tilsette får høve til å kjøpe seg opp i er førebels ikkje klart, men i høve til totalen blir det uansett snakk om ein mindre andel. Teigene seier at det einaste som er sikkert er at tilbodet til dei tilsette blir likt til alle.
Kapitalutvidinga som dei tilsette får bli med på treng ikkje å bli gjennomført samstundes med kapitalinnhentinga frå dei to stiftingane.
Kjernekapitalen er i dag på 13,9 prosent. Banken sitt mål er å passere 14,5 prosent, .
Klar før jul
Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane seier banken vil styrkje eigenkapitalen i samsvar med signala frå Finanstilsynet og samstundes syte for ein eigenkapital som gir rom for ytterlegare vekst.- Vi har ein veldig god vekst, seier han.
Banken har to eigarar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftingan Fjaler, som til saman eig 87 prosent av banken. Resten er eigd av banken sjølv. Den planlagde emisjoner er retta mot dei to stiftingane og Teigene er sikker på at kapitalutvidinga er på plass før jul.
Tilsette blir med
For første gang får også dei tilsette sjansen til å bli medeigarar.- Det er noko med for tilsette å kunne vere med på den verdistigninga dei sjølv bidrar med, også på eigarsida, seier Teigene.
Kor stor eigarandel dei tilsette får høve til å kjøpe seg opp i er førebels ikkje klart, men i høve til totalen blir det uansett snakk om ein mindre andel. Teigene seier at det einaste som er sikkert er at tilbodet til dei tilsette blir likt til alle.
Kapitalutvidinga som dei tilsette får bli med på treng ikkje å bli gjennomført samstundes med kapitalinnhentinga frå dei to stiftingane.
Publisert: 01.11.2016 09:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02