Vestnes-verftet Aas. Mek Verksted har inngått kontrakt med brønnbåtselskapet Nova Sea Service om å byggje ein 76,96 meter lang brønnbåt designa av verftet.
Nova Sea Service er basert i Herøy kommune utanfor Sandnessjøen, og dette er den andre båten frå Vestnes til reiarlaget.
Aas Mek. Verksted opplyser i ei pressemelding at designet er AAS 3002 STDE-Hybrid, og det vert eit skip med stort fokus på miljø med lavt drivstoff-forbruk og sterkt reduserte utslepp til luft, sjø og støy.
Aas opplyser at ESS-batteripakken blir brukt for å ta belastningstoppane under drift for å redusere antal generatorar i drift og dermed redusere drivstoff-forbruket, samt at båten kan liggje til kai utan ein ‘høglytt’ generator i kortare eller lengre periodar avhengig av landstaumkapasiteten i hamnene.
Båten skal også utstyrast med full reinsing av eksosutslepp.
Brønnbåten får ein lastekapasitet på 3.000 kubikkmeter og er spesielt designa for lukka transport med RSW-kjøling, lavt djuppgåande for smolttransport og dewatering-system for ferskvassbehandling av fisken.
Aas opplyser at nybygget er designa for å trykklosse til merd eller direkte til anlegg på land, til sortering, avlusing og liknande utan bruk av vakuumpumpe for mest muleg skånsom behandling av fisken.
Båten skal leverast i september 2021.
Breidda vert 17,80 meter, og båten skal kunne frakte 450 tonn levande fisk fordelt på to fiskebrønnar.
Båten vil ha innreiing for 12 personar.
Nordlands-reiarlaget vart starta i mai 2016, og fekk sommaren 2017 overlevert nybygget Steinar Olaisen frå Aas Mek Verksted.
Nova Sea Service er basert i Herøy kommune utanfor Sandnessjøen, og dette er den andre båten frå Vestnes til reiarlaget.
Aas Mek. Verksted opplyser i ei pressemelding at designet er AAS 3002 STDE-Hybrid, og det vert eit skip med stort fokus på miljø med lavt drivstoff-forbruk og sterkt reduserte utslepp til luft, sjø og støy.
EES-batterianlegg
Skipet skal byggjast med dieselelektrisk framdrift og ESS-batterianlegg for hybrid drift, samt stor landstraumkapasitet.Aas opplyser at ESS-batteripakken blir brukt for å ta belastningstoppane under drift for å redusere antal generatorar i drift og dermed redusere drivstoff-forbruket, samt at båten kan liggje til kai utan ein ‘høglytt’ generator i kortare eller lengre periodar avhengig av landstaumkapasiteten i hamnene.
Båten skal også utstyrast med full reinsing av eksosutslepp.
Brønnbåten får ein lastekapasitet på 3.000 kubikkmeter og er spesielt designa for lukka transport med RSW-kjøling, lavt djuppgåande for smolttransport og dewatering-system for ferskvassbehandling av fisken.
Aas opplyser at nybygget er designa for å trykklosse til merd eller direkte til anlegg på land, til sortering, avlusing og liknande utan bruk av vakuumpumpe for mest muleg skånsom behandling av fisken.
450 tonn fisk
Skroget skal byggjast i Tyrkia, opplyser Aas til NETT NO.Båten skal leverast i september 2021.
Breidda vert 17,80 meter, og båten skal kunne frakte 450 tonn levande fisk fordelt på to fiskebrønnar.
Båten vil ha innreiing for 12 personar.
Nordlands-reiarlaget vart starta i mai 2016, og fekk sommaren 2017 overlevert nybygget Steinar Olaisen frå Aas Mek Verksted.
Publisert: 21.11.2019 14:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45