IMG 0785 1 4
GIR SEG IKKJE: Kaj Bang Westre i NMK (t.h.) og viserektor Anne-Lise Sagen Major (nummer tre frå høgre)arbeider for at studiekapasiteten for sjøfolk i Ålesund skal utvidast allereie til hausten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Enno tid til å sikre meir sjøfolk-utdanning

NTNU i Ålesund vil utvide kapasiteten allereie frå hausten av - men tida er i ferd med å renne ut.

06.03.2025

Søknadsfristen til høgare utdanning med studiestart til hausten er 15. april. 

NTNU sin frist til å avgjere kor mange sjøfolk-studentar som blir tattt inn til hausten kjem imidlertid seinare, ifølgje viserrektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU Ålesund.

Kaj Bang Westre i NMK, ein av inititativtakarane til å trappe opp sjøfolkutdanninga i Ålesund, seier til Nett No at han meiner det er meir enn 50 prosent sjanse for at det blir tatt inn fleire studentar til sjøfolkutdanninga i Ålesund allereie til hausten.

Nøkkelen for å utvide utdanningskapasiteten er av NTNU har fått signal om at finansiering er trygga, ifølgje Sagen Major.

Felles initiativ
Torsdag  er Bang Westre og Sagen Major deltakarar på Maritimt Forum Nordvest sitt årlege arrangement Ocean Summit, der næringsaktørar og politikarar møtes.

Poenget med å delta er mellom anna å arbeide for politisk gjennomslag for å auke utdanningskapasiteten for sjøfolk.

Mangel på norske sjøfolk i tilfelle krig og krise. Det er det dystre bakteppet for eit samarbeid mellom NTNU, Fagskolen i Møre og Romsdal, Borgund og Ålesund videregående skoler, ÅKP , NTNU Ocean Training , GCE Blue Maritime og Maritimt Forum Nordvest.

I fjor haust gjekk dei saman om eit framlegg om korleis Noreg på kort tid kan få utdanna mange nye sjøfolk.

NTNU Åleund har kapasitet
Forsvaret åleine har behov for 1300 nye sjøfolk i tidsperioden for den nye langtidsplanen for Forsvaret, sa  instituttleder Hans Petter Hildre i NTNU i Ålesund då samarbeidet blei lansert i fjor. 

Dei nye sjøfolka skal blant annet bemanne alle dei nye skipa som skal byggast for Sjøforsvaret.

NTNU i Ålesund har både kapasitet og kvalifiserte søkjara til å utdanne fleire, ifølgje gruppa bak inititativet.

Då inititativet vart lansert i oktober/november i fjor håpa inititativtakarane at busjettsalderinga før jul skulle sikre finansiering til å ta inn fleire studentar til komande skuleår.

Det skjedde ikkje, og frå regjeringa si side har det førebels heller ikkje kome framlegg som kan sikre fleire studentar frå hausten.

Frp-framlegg om satsing
Denne veka har Framstegspartiet (Frp) kome med eit såkalla representantframlegg.

Dei ber om at Stortinget skal vedta at regjeringa skal  bestemme at Forsvaret skal kjøpe studieplassar ved NTNU i Ålesund.

 Målet er å sikre at fleire studentar kan takast inn allereie til hausten.

Publisert: 06.03.2025 15:51

Sist oppdatert: 06.03.2025 19:21

Mer om