Lena landsverk gunnar silden Sissel Kragset Vik Elisabeth Nytun Fredriksen foto marius 11
«KICK-START»: Vanylven-ordførar Lena landsverk og Stad-ordførar Gunnar Silden, trur gåva frå Sissel Kragset Vik og Elisabeth Nytun Fredriksen i Sparebanken Møre, vil fungere som ein «kick-start» for arbeidet med Stad skipstunnel. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Jubel for bankstøtte til tunnelprosjekt

Pengegåve til Skipstunnel-kommunane gir «kick-start» for å skape ringverknader frå samferdsleprosjektet.

Marius Rosbach
23.11.2021

Tysdag blei ordførarane i Vanylven, Stad og Kinn kommunar overraska av Sparebanken Møre med ei pengegåve på 400.000 kroner til arbeidet med Stad skipstunnel.

- Dette var ei skikkeleg vitamininnsprøyting, var reaksjonen frå Vanylven-ordførar Lena Landsverk då ho fekk vite om pengestøtta på kontoret sitt tysdag.

Bakgrunnen var ein søknad frå dei tre kommunane om støtte til eit prosjekt som skulle jobbe med ringverknadene frå samferdsleprosjektet.

- Når dokke satsar så sterkt på prosjektet, så fortel dokke samtidig heile verda, at dokke har trua på oss, sa Landsverk.

Trur på store ringverknader
Vanylven-ordføraren hadde invitert ordførarkollegaer og Sparebanken Møre for å snakke om arbeidet med Stad skipstunnel, men vart mistenksam då fleire journalistar også dukka opp.

Banksjef Sissel Kragset Vik i Sparebanken Møre på Fiskå og seniorrådgjevar Elisabeth Nytun Fredriksen kunne stadfeste at dei hadde ein baktanke med besøket.

- Vi trur at dette vil skape store positive ringverknader. Og at eit slikt forprosjekt kanskje vil gjere synleg ei retning og potensialet som ligg her for dei ulike aktørane, sa Vik.

– Vi vil bidra no, slik at arbeidet kjem godt i gong og er klart når tunnelen står ferdig, la Fredriksen til.

Kommunane har lita tid

Eit prosjektgruppe er under planlegging og blir truleg etablert etter eit møte i starten av desember. Deretter vil kursen vidare for prosjektet bli staka ut.

Under orienteringa i forkant fortalde Landsverk at kommunane har lita tid for å bli klare med reguleringsarbeidet som krevst. Nyleg blei det kjent at Kystverket treng meir tid til å få på plass konkurransegrunnlaget for anbodet som skal ut.

- Vi var heilt avhengige av den utsettinga, for vi klarar ikkje bli ferdige til juni neste år, forklarar Landsverk.

Prosjektleiinga i Kystverket opplyste til NETT NO at dei no jobbar med eit mål om å få anbodet ut siste halvdel av 2022.

Mange vil nytte steinmassane
Bruken av steinmassar utgjer både ei utfordring og moglegheiter for lokalsamfunna. Ein rekke aktørar har ytra ønske om å nytte nokre av dei kring åtte millionar tonna med stein – men både massane og tida vil vere for knapp til å få realisert alt.

Landsverk kunne fortelje at det i Vanylven har meldt seg 12-13 private aktørar som ønsker massar frå tunneldrivinga. I tillegg kjem fleire kommunale prosjekt. Industriområdet ved Fiskåholmen er per i dag det einaste som er klart til å fyllast ut.

Stad-ordførar Gunnar Silden kunne fortelje at dei også hadde ein rekke moglege prosjekt der massane kan nyttast.

Stad Molo ved Leikanger og utbygging ved Årsheim er mellom alternativa på nordsida av Stadlandet. På sørsida er det ønske om utbygging ved Lestovika, samtidig som Pelagia Selje vil utvide sitt areal.

Publisert: 23.11.2021 10:48

Sist oppdatert: 23.11.2021 11:06

Mer om