Stad skipstunnel moldefjorden innfelt terje skjeppestad illustrasjon foto Kystverket Snøhetta Plomp Olav Helge Matvik
MOLDEFJORDEN: Prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket legg ikkje skjul på at det vil vere krevjande å finne ut korleis all steinmassen skal nyttast, før anbodskonkurransen skal ut neste sommar. Illustrasjon/foto: Kystverket Snøhetta Plomp Olav Helge Matvik
Nytt

Har hastverk med skipstunnelen

Prosjektleiaren avviser kontant at han har opplevd nye politiske signal om samferdslesatsinga. Men han påpeiker at dei har lita tid.

Marius Rosbach
15.11.2021

Det er oppstått politisk usikkerheit kring Stad skipstunnel etter at det blei kjent at prosjektet får løyvd mindre pengar enn planlagt i neste års statsbudsjett.

Mellom anna har Alfred Bjørlo (V) kravd at samferdsleministeren kjem på bana og forsikrar at arbeidet likevel blir gjennomført som planlagt. I eit spørretimespørsmål om saka i Stortinget, spør han også kva følgjer det får at prosjektet no er flytta frå samferdsel- til næringsdepartementet. Svaret frå statsråden kjem truleg onsdag.

Framleis mål om opning i 2026

Prosjektleiar Terje Skjeppestad er tilsett i Kystverket og leiar arbeidet. Han forsikrar til NETT NO at dei jobbar med mål om opning av tunnelen i 2026, slik Stortinget vedtok i vår.

– Nei, ingen skilnad, svarar han kontant på spørsmålet om han har oppfatta noko nye politiske signal om saka.

Bakgrunnen for at det er føreslått å redusere løyvingane på budsjettet for neste år, er at anskaffingsprosessen tek lengre tid enn venta. Difor trengst det rett og slett ikkje meir pengar i 2022 til å kome vidare.

– Det er altså snakk om en faseforskyving av aktivitetane. Vi er godt i gong med grunnlagsarbeidet, men treng litt meir tid enn først signalisert til anskaffing av totalentreprenør, understreker Skjeppestad.

Val av entreprenør vil skje i 2023, har Kystverket opplyst.

Les mer om prosjektet

Verdas første fullskala skipstunnel blir 2,2 kilometer lang, 50 meter høg og 36 meter brei. Sjølve tunnelløpet blir 1,7 kilometer.

Skip opptil storleiken til Havila Kystruten og Hurtigruten sine fartøy, vil kunne nytte tunnelen.

Stortinget vedtok bygging av skipstunnelen våren 2021. Planen er at tunnelen skal opne i 2026.

Den samla kostnadsramma er på knappe 4,1 milliardar, og styringsramma er på 3,45 milliardar kroner,

Meir om prosjektet på Kystverket si heimeside

Mykje aktivitet i «vertskommunane»

Det er anslagsvis åtte millionar tonn steinmassar som vil kome frå tunneldrivinga. Sjølve bygginga er venta å starte opp i 2023.

Skjeppestad fortel at det no skjer mykje aktivitet i dei tre kommunane Kinn, Vanylven og Stad, for å finne næringstiltak og andre formål der ein kan gjere seg nytte av massane.

– Tanken og intensjonen er at vi skal få mest mogleg gjenbruk, og at desse skal gå til føremål som har samfunnsnytte.
Det skjer mykje desse kommunane no og saman med næringsliv og statsforvaltar skal det bli jobba fram berekraftige prosjekt, forklarar han.

Utfordring å få reguleringane på plass
Skjeppestad legg likevel ikkje skjul på at det kan vere skjer i sjøen for framdrifta av det som blir omtala som verdas første skipstunnel.

Den største utfordringa ligg i å få oversikt innan neste sommar over korleis steinmassane kan nyttast. Kystverket vil helst ha dette – og alle reguleringar på plass – før dei går ut med anbod om totalentreprise.

– Baser på tidsperspektivet det tek å få prosjektet byggeklart, så har vi ei stor utfordring med å få dette på plass før vi går ut med konkurransen om anbodet, fortel Skjeppestad.

Nokre stader er arbeidet allereie i gong, men fordi mykje av arealet er i strandsona blir sakshandsaminga meir innfløkt.

Dumping i fjorden er «dårlegaste alternativ»
Prosjektleiaren fortel at dei ser på alternative løysingar og vurderer alt frå mellombels deponering, eller å gi entreprenøren moglegheit til å selje massane, i staden for at dei blir dumpa i Moldefjorden.

Han påpeiker at prosjektleiinga på eit tidspunkt kring neste sommar må bestemme seg for kva dei skal gjere.

– Å deponere massane i fjorden er det dårlegaste alternativet. Alle ønskjer heller at desse blir brukt til samfunnsnyttige formål og det jobbar vi med no, legg han til.

Publisert: 15.11.2021 14:32

Sist oppdatert: 15.11.2021 14:44

Mer om