20220301 111631
FOSNAVÅG: Iryna Jensen får stadig meldingar frå fiskarar som vil støtte hjelpearbeidet i Ukraina. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Enorm støtte frå norske fiskarar

Vert nedringt av fiskarar som vil støtte det ukrainske folket.

01.03.2022

- Tusen hjarteleg takk. Folk er heilt fantastiske.

Det seier dagleg leiar Iryna Jensen i regnskapskontoret Skipsregnskap i Fosnavåg.

Ho kjem sjølv frå Rivne på grensa til Kviterussland i nordaust-Ukraina, men er gift i Norge og har sidan 2008 budd på Leinøy i Herøy.

Støtte frå reiarar
No samlar ho inn pengar til naudhjelp i heimlandet. Og pengane strøymer på, først og fremst frå fiskeriselskap.

Det starta med reiar Per Magne Rogne på Herøy-båten Rogne, som gav 50.000 kroner.

Deretter har Teigenes gitt 50.000, Vestbas 20.000, Smaragd 50.000, Herøyhav 50.000, Kings Bay 50.000, Ventura Kystfiske 5.000, Leinebjørn 50.000, Teige Rederi har gitt støtte og fleire er på veg.

I tillegg har Carisma Dame og Herrefrisør gitt 10.000 kroner, og Herøy kommune 50.000 kroner.

Ambulanser frå Ålesund
Men pengane strøymer også inn frå andre deler på nordvestlandet, ikkje minst i Ålesund.

- Det siste vi høyrde er at det er snakk om at Helse Møre og Romsdal vil gi fire fullt utrusta ambulanser. Heilt fantastisk, seier Iryna Jensen.

Ukrainarar i regionen er no organiserte i eit eige nettverk.

- Vi er 105 som diskuterer, held kvarandre oppdatert og støttar kvarandre.

- Humanitær katastrofe
Iryna Jensen seier at hjelpebehovet er enormt.

- Det er snakk om ei stor humanitær katastrofe.

Planen er no å fylle opp ein trailer med utstyr for å sende til Ukraina. Dette skjer i samråd med Ukrainsk foreining i Oslo.

- All hjelpa gir oss håp, seier Jensen.

Ho har far og bror i Rivne. Dei fortel om stadige overflygingar av fly frå Kviterussland.

- Det er kaotisk, men folk held motet oppe.

Det er snakk om ei stor humanitær katastrofe
Iryna Jensen

Fiskere for fred
Også skipper og reiar Ole Hamre om bord i snurparen/trålaren Krossfjord frå Sotra fortel om stor givarglede.

Under mottoet "Fiskere for fred" sette fiskarane om bord i Krossfjord sist laurdag i gang ein digital basar for å samle inn pengar til Røde Kors og deira innsats i Ukraina.

Gevinstar vart samla inn på rekordtid.

Til NETT NO seier Hamre at då han gjekk til køys i går kveld hadde det kome inn 185.000 kroner.

- I løpet av dagen i dag har vi fått melding frå ni reiarlag som vil gi pengar.

- Eg vil tru at vi i løpet av dagen vil nærme oss 300.000 kroner, seier Hamre.

- Støttar så klart

Også Sildelaget er med og støttar aksjonen.

- Norske fiskarar har mange gangar vist sitt engasjement gjennom ulike støtteaksjonar når tragiske hendingar oppstår, også med støtte gjennom Sildelaget.

- Vi er så klart med på støtte her også når vi ser det enorme behovet for hjelp som Røde Kors kan bidra med i krigen i Ukraina, seier Paul Oma i Sildelaget.

Publisert: 01.03.2022 12:51

Sist oppdatert: 01.03.2022 13:38

Mer om