Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
RUSSISK FINANSIERING: Havila Pollux og Havila Polaris etter sjølsetteing i Tyrkia. Skipa er framleis under bygging hos Tersan Shipyard, med byggelånfinansiering frå datterselskap til statseigd russisk finansieringselskap. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Havila Kystruten-långivar i Ukraina-trøbbel

Eig Aeroflot-fly, som no blir stengt ute frå Europa.

28.02.2022

Ein del av finansieringa av Havila Kystruten sine fire skip er gjort gjennom to datterselskap av det statseigde russiske leasingselskapet GTLK.

GTLK har spesialisert seg på transportsektoren, og eig både fly og skip - som er leigd ut til brukarane, som er flyselskap og reiarlag.

Aeroflot-fly
Blant dei store kundane er Aeroflot, som no er nekta flyge i store deler av europeisk luftrom etter at Russland angrep Ukraina.

Dermed blir det verre for Aeroflot å tene pengar, og det likte ikkje obligasjonslångivarane til det irskregistreret datterselskapet til GTLK - GTLK Europe Dac . Den uroa kom på toppen av uvissa om kva konsekvensar krigen kan få, mellom anna når det gjeld vestlege straffetiltak mot russiske finansforetak.

Dagen etter at invasjonen starta fall verdien på eitt av obligasjonlåna med 47 prosent.

GTLK Europe har obligasjonslån på 3,7 milliardar dollar, og 500 millionar dollar av dei låna skal betalast attende innan 2024, skreiv Irish Times i førre veke.

Skal eige Havila Kystruten- skip
Også Havila Kystruten er kunde hos GTLK.

Datterselskapet GTLK Asia Limited finansierer Havila Capella (som er sett i trafikk) og Havila Castor (som skal i trafikk i mai). GTLK Europe DAC finansierer Havila Polaris og Havila Pollux, som framleis er under bygging hos Tersan Shipyard i Tyrkia.

Les børsmelding om avtalen her

Avtalen er todelt, først eit byggelån på inntil 86,5 millionar Euro per skip (860 millionar kroner etter dagens kurs). Byggelåna finansierer bygginga av skipa, og kan trekkast på etterkvart som arbeidet blir ferdig.

Ved overlevering skal lånet gjerast om til ein leasingavtale der GTLK-selskapa leiger skipa tilbake til Havila Kystruten Operations, eit datterselskap av Havila Kystruten.

Sævik ikkje bekymra
For Havila Capella melde GTLK Asia Limited i november i fjor at selskapet hadde tatt over skipet og leigd det tilbake.

"Vi har ikke noen grunn til bekymring", sa Per Sævik til E24 fredag 25. februar. Han viste til at Havila Kystruten har avtalar med datterselskap til GTLK. Datterselskapa har adresse i Hong Kong og Irland, ikkje Russland. Sævikfamilien er største eigar i Havila Kystruten gjennom Havila Holding

Publisert: 28.02.2022 13:03

Sist oppdatert: 28.02.2022 13:12

Mer om