Entec ny fabrikk Entec Brimer 111
NY FABRIKK: Entec Group-sjef Haavard Haanes la i førre veke ned ein tidskapsel ved den nye fabrikken konsernet bygger ute ved kysten i Latvia. Foto: Entec Brimer
Nytt

Entec veks både heime og ute

Auka inntekt og overskot i fjor. Bygger ny Latvia-fabrikk i år.

Marius Rosbach
08.07.2024

Entec Group held fram å vekse i fjor og bikka for første gong 600 millionar kroner i omsetning.

Konsernet med hovudkontor i Ulsteinvik auka samtidig lønnsemda betydeleg samanlikna med året før. Resultat før skatt enda på 26 millionar i pluss, som er ny rekord for konsernet (sjå tabell under).

– Vi er nøgd med at vi klarer å vekse vidare, samtidig som innteninga held fram å betre seg. Men det et alltid rom for å bli betre, så heilt nøgd er vi aldri, seier konsernsjef Haavard Haanes til Nett No om 2023-talla.

Entec Group as
Tal i mill. kroner20222022
Driftsinntekt609530,3
Driftsresultat3218,5
Resultat før skatt2618,4

Ny fabrikk i Latvia
Konsernet består no av dotterselskapa Entec Evotec og Entec Brimer, i tillegg eit dotterselskap i Latvia. Også i det baltiske landet opplever dei vekst, og førre veka la dei ned grunnsteinen til eit nytt fabrikklokale i hamnebyen Liepaja.

– Satsinga i Latvia har gått veldig bra. At vi bygger ein ny fabrikk er eit teikn på at vi har trua på framtida her, seier Haanes.

Nett No besøkte i fjor det første produksjonslokale til selskapet, der dei har etablert seg på ei 50 mål stor tomt og 400 meter med eigen kai.

Ligg an til ny vekst i år
Veksten i omsetning har også ført til fleire tilsette. Per i dag er konsernet drygt 250 tilsette – som er ei auke på drygt 30 personar det siste året.

Evotec som leverer utstyr til den maritime bransjen har størst omsetning av konsernselskapa, medan Brimer har flest tilsette.

Haanes fortel at dei ligg an til ny auke i inntektene i år.

– Det er spennande tider for både Evotec og Brimer og vi trur at veksten skal halde fram. Så blir det spennande å sjå om vi klarer å tene meir pengar også, legg han til.

«Nauta god start» på 2024
Evotec har det siste året hatt ei auke i leveringar til fiskebåtar, samtidig som «gamle» marknader som offshore og subsea-installasjonar er tilbake i ordreboka.

Brimer byggjer tankar og installasjonar i kompositt til alt frå oppdrettsbransjen, vass og avløpssektoren og ulike installasjonar undervatn.

Selskapet fekk ein «nauta god start» på 2024, som Haanes uttrykte det med tre eksportkontraktar. Det blei rekna som eit gjennombrot i denne marknaden.

Publisert: 08.07.2024 05:00

Sist oppdatert: 07.07.2024 13:31

Mer om