Brimer montasje fabrikk kvamsøya kar foto brimer 11
KVAMSØYA: Delar av bygget lengst til høgre på oversiktsbilde blei råka av brann i helga. Det gjer at noko produksjon av kompositt i formar blir flytta til Latvia. Dei andre delane av fabrikken er ikkje påverka av brannen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hell i uhell etter Brimer-brann

Entec kunne knapt hatt betre timing for Norpartners-oppkjøpet. I staden for produksjonsstans, kan dei flytte arbeid til Latvia.

Marius Rosbach
17.02.2022

Torsdag kom nyheita om at Entec Group i Ulsteinvik kjøper selskapet Norpartners i Fosnavåg.

Berre få dagar i forvegen blei Brimer-fabrikken deira på Kvamsøya utsett for brann, som skapte utfordringar for produksjonen her.

– Kring ein firedel av arealet på Kvamsøya er ute av drift, men vi hadde hell i uhell og timinga for Norpartners-avtalen var fantastisk, fortel konsernsjef Håvard Haanes i Entec til NETT NO.

Flyttar former til Latvia
Med kapasiteten til Norpartners kan dei no flytte arbeid frå Kvamsøya til Latvia. Haanes er glad for at dei slepp å få produksjonsstans fram til lokala på Kvamsøya igjen er klare til bruk.

– Vi er sjølvsagt opptekne av at kundane ikkje skal bli skadeliande, og forsøker gjere det beste ut av det. Arbeidet med å flytte former som skal nyttast i produksjonen er allereie i gong og på veg til Latvia.

– I tillegg blir det med nokre folk frå Kvasmøya, som skal sørge for at produksjonen blir identisk, legg han til.

Konsernet består no av selskapa Evotec, Brimer og Servitech med base i høvesvis Ulsteinvik, på Kvamsøya og Sjøholt – i tillegg til Norpartners med verksemd i Herøy og Latvia.

Arbeidet med å flytte former som skal nyttast i produksjonen er allereie i gong og på veg til Latvia.
Håvard Haanes

Usikkert når lokala kan bli nytta att
Brannen på Kvamsøya blei oppdaga tidleg søndag morgon. Tidlegare er det opplyst at brannen gjorde betydeleg skade, men avdelinga er truleg ikkje totalskadd.

Haanes fortel at det i første rekke er mykje sot, etter det som blir beskreve som ein ulmebrann.

– Alt må vaskast ned, så må vi sjekke alt av utstyr og til eksempel ventilasjonsanlegg, før vi kan seie noko meir om når vi kjem i gong att, forklarar han.

Størstedelen av fabrikken er ikkje påverka, og det er produksjon ved avdelingane for bearbeiding, vakuumstøping og ved stålavdelinga, i tillegg til at kontora er i bruk.

Eit apropos er at dagens bygning blei oppført som følgje av ei anna brann for kring 30 år sidan. Den gong var delar av bygget oppført i tre. Etterpå blei det bygd nytt i meir brannsikkerrt materiale.

(saka held fram under)

Håvard haanes foto Marius 11
SKAL VEKSE MEIR: – Skal vi vekse og levere det marknaden etterspør, så må vi har større kapasitet, seier Entec-sjef Håvard Haanes om Norpartners-oppkjøpet. Konsernet har også dialog om fleire oppkjøpskandidatar. Foto: Marius Rosbach

Kan kjempe om større oppdrag
Forutan den kortsiktige fordelen Entec har med å kunne flytte arbeidet, håpar selskapet å kapre fleire større oppdrag med Norpartners sin kapasitet på laget.

– Det gjer at vi kan ta på oss større ordrar. Vi jobbar med fleire større avtaler no, som ikkje hadde vore mogleg for oss å gjere utan dette, fortel Entec-sjefen.

Med fabrikkar for komposittprodukt både på Kvamsøya og i Latvia, kan dei óg drive meir fleksibelt og jamne ut belastninga på avdelingane.

– Vi håpar også å bruke meir eigne folk til monteringsoppdrag. I dag har vi vore nøydd til å leige inn ressursar utanfrå, legg han til.

Vi jobbar med fleire større avtaler no, som ikkje hadde vore mogleg for oss å gjere utan dette
Håvard Haanes
(saka held fram under)
Norpartners godsterminal latvia foto norpartners 11
KAI FOR UTSKIPING: Norpartners har lenge hatt verksemd i den latviske innlandsbyen Saldus. Nyleg vart Herøy-bedrifta det første norske selskapet som etablerte seg i hamnebyen Liepāja. Her har dei mellom anna 400 meter kai. Foto: Norpartners

I dialog om fleire oppkjøp
Entec-sjefen fortel at dei er i dialog med fleire oppkjøpskandidatar, men at slike prosessar gjerne tek tid og kan vere krevjande.

I helga fortalde konsernet Finansavisen om planar for vekst og børsnotering.

I kjølvatnet har det blitt nokre fleire telefonar, ifølgje Haanes.

– Den siste veka har vi opplevd stor interesse på ulike vis. Både selskap som kan vere aktuelle for oppkjøp, men også folk som vil tilby tenester og investorar som vil sjå på Entec, har teke kontakt, fortel han.

For 2022 reknar Entec med ei omseting på meir enn 500 millionar i år, og betydeleg betre lønnsemd.

Deretter siktar dei seg inn mot ein «strategisk milepåle» hausten 2023, anten i form av oppkjøp, eller børsnotering.

Publisert: 17.02.2022 15:53

Sist oppdatert: 17.02.2022 16:35

Mer om