Bygging byggebransjen illistrasjon foto Ogne
NEDGANG: Det var færre konkursar i bygge- og anleggsbransjen i fjor. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Færre konkursar i Møre og Romsdal i 2025

Betring for bygg og anlegg. Sjekk kva selskap som gjekk over ende på Nordvestlandet i fjor.

Det er spesielt nedgangen i talet på konkursar i bygg- og anleggsbransjen som er årsaka til at talet på konkursar gjekk ned 4,4 prosent på landsbasis i fjor. Det viser konkursanalysen til rekneskapdatabase-selskapet Proff.

Bransjen er framleis på konkurstoppen, men til saman 703 konkursar i Noreg i 2025. Det er 33,9 prosent færre enn i 2024. 

I Møre og Romsdal var nedgangen 27 prosent, til 41 konkursar i bransjen i fjor, ifølgje tal frå Brønnøysundregisteret.

  • Sjå kva selskap som gjekk konkurs på Nordvestlandet under saka

Samla gjekk talet på konkursar i Møre og Romsdal ned med 2,1 prosent i fjor, til 187.

Opp på Vestlandet
Proff sin analyse for 2025 viser klare skilnadar mellom ulike fylke.

I Vestland, Rogaland og Oslo auka talet på konkursar. I Møre og Romsdal og dei andre fylke var det færre konkursar i 2025 enn året før.

I Vestland auka også talet på konkursar i bygge- og anleggsbransjen. Auken var på seks prosent, til 101 konkursar i 2025 ifølgje Brønnøysundregisteret.

Tilpassa seg endringar
Proff-analysen forklarar nedgangen i talet på konkursar i bygg- og anlegg med at bransjen har tilpassa seg kostnadsauke og ein marknad med tøffare vilkår.

Endringane har mellom anna sett fart i ei konsolidering i bransjen der større aktørar tek ein større del av marknaden. Det kan gi stordrifsfordeler, men og redusert mangfald i bransjen, ifølgje analysen.

Samtidig har ein vore gjennom fleire år der byggebransjen har vore desidert på topp i talet på konkursar. Det har truleg gjort at mange byggefirma med svak økonomi, har forsvunne frå bransjen. 

Færre butikkar overende
Etter bygge- og anleggsbransjen er det butikkbransjen som har flest konkursar. Men også i her var det en kraftig nedgang i 2025, samanlikna med 2024. 

På førehand var det frykta at varehandel ville bli råka av konkursauke, men 580 konkursar på landsbasis i fjor, er 37,6 prosent færre enn året før.

Også for varehandelen er det tilpassingar til ein endra marknad som er årsaka til færre konkursar, ifølgje ananlysen.

Utfordringar for eigedom
Også kredittopplysningsfirmaet Creditsafe konkluderer med at 2025 ble eit år med færre konkursar, men fortel at eigedomsbransjen kan bli den nye krisebransjen i år.

Totalt 327 selskap i eigedomsbransjen måtte gi tapt i løpet av 2025 . Det er ei auke på 67 prosent samanlikna med 2024, skriv Creditsafe i ei pressemelding.

  • Sjå kva selskap som gjekk konkurs på Nordvestlandet under 

Les om utviklinga på Nordvestlandet dei siste åra:

Publisert: 06.01.2026 13:26

Sist oppdatert: 06.01.2026 13:26

Mer om