Erik Haakonsholm rykker opp i Vard
Nytt

Erik Haakonsholm rykker opp i Vard

Skal leie forretningsområdet Offshore & Specialized Vessels.

26.07.2019
Haakonsholm har arbeidd i Vard sidan 2001 og er i dag leiar for Vard Design, med ansvar for utvikling av nye skipsmodellar.

Den jobben skal han behalde inntil vidare, samstundes som han blir sjef for forretningsområdet som har ansvaret for bygging av offshorefarty, fiskebåtar, ferjer, oppdrettsfarty og mariefarty - skip som er definert som offshore- og spesialfarty. Det seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard.
Haakonsholm er på ferie og seier han først vil snakke med dei tilsette før han kommenterer den nye stillinga og oppgåvene der.
Haakonsholm får Fredrik Mordal Hessen, leiar for Vard Brattvåg, med seg som nestekommanderande i forretningsområdet.
Vard er det største skipsbyggingskonsernet i Noreg, med hovudkontor i Ålesund og verft i Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Aukra og Brattvåg og i Vietnam, Romania og Brasil.
Etter at det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri fekk full kontroll og innlemma Vard som eit reint datterselskap er leiinga i Vard omorganisert. Vard Group har no ein toledarmodell, der Mauro Leboffe rapporterer fra forretningsområdet cruise i Vard, medan Haakonsholm skal rapportere frå forretningsområdet Offshore & Specialized Vessel når han tek til i jobben 1. oktober. I dag er det avtroppande konsernsjef Roy Reite i Vard Group som rapporterer frå forretningsområdet Offshore & Specialized Vessel.

I halvårsrapporten frå Fincantieri kjem det fram at forretningsområdet Offshore & Specialized Vessel framleis taper pengar, og at det også blir arbeidd med ei komande omorganisering i forretningområdet - utan at det blir opplyst meir om kva omorganiseringa skal gå ut på.

Publisert: 26.07.2019 20:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38