Pal Andreas Alnes Karl Eirik Froysa Hansen foto Marius
GOD START: Pål-Andreas Alnes (t.v.) og Karl Eirik Frøysa Hansen starta Hadar Corporate Finance i 2025. I løpet av året tilsette dei også Lars Groven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Solid overskot på første forsøk

– Ikkje verst for to karar og ein pc, seier Pål-Andreas Alnes om knallstart for rådgivingsselskap.  

Marius Rosbach
18.04.2026

Pål-Andreas Alnes etablerte Hadar Corporate Finance saman med Karl Eirik Frøysa Hansen ved starten av 2025. Rekneskapen for oppstartsåret stadfestar det han har fortald til Nett No tidlegare, om stor pågang frå starten. 

Tala viser også eit solid overskot og ein resultatmargin før skatt på drygt 30 prosent. 

– Det er ikkje verst for to karar og ein pc på Hareid, seier Alnes til Nett No – men påpeiker raskt at dei sett stor pris på mottakinga i marknaden. 

– Vi er takknemlege for at bedrifter i regionen har vore så støttande til denne satsinga, og takkar kundane som har gitt oss tillit, seier Alnes. 

Dei fleste kundane kjem tilbake
Hadar Corporate Finance har spesialisert seg på å hjelpe bedrifter som treng finansiell rådgiving, til eksempel ved eigarskifte. 

Der har dei openbert treft ein marknad. Omsetninga til det som store delar av 2025 var ei «tomanns-bedrift» enda på 5,6 millionar kroner (sjå tabell under). 

Alnes fortel at dei fleste kundane deira har kome tilbake. Det gjer at dei har slept å «jage» oppdrag. 

– At kundane kjem tilbake for å bruke oss, tek vi som eit bevis på at vi skapar verdiar for kundane våre, seier han. 

Hadar Corporate Finance AS  
Tall i mill. kroner20252024
Driftsinntekt5,6-
Driftsresultat1,8-
Resultat før skatt1,8-
Lars Groven Hadar Corporate Finance foto Marius 2
NYTILSETT: Lars Groven blei tredjemann som starta i rådgivingsselskapet i løpet av fjoråret. Foto: Marius Rosbach

Gjekk frå to til tre tilsette
Pågangen gjorde at selskapet allereie i 2025 tilsette Lars Groven. Alnes ser ikkje vekk frå at dei kan bli fleire framover – men at dei først vil ta ein «fot i bakken». 

– Vi har kome godt i gong og har nok å gjere til fleire folk. Men vi må også vurdere kva vi eventuelt vil satse meir på, seier han. 

Alnes påpeiker at medvind i næringslivet i regionen – ikkje minst i den maritime industrien, er med å auke aktiviteten deira. 

– Næringslivet lokalt går godt, og det er ein viktig faktor for oss at mange bedrifter gir gass. Det gir oss moglegheita til å prøve oss. Samtidig må vi levere, for det er ingen som driv med velledigheit, legg han til. 

Næringslivet lokalt går godt, og det er ein viktig faktor for oss
Pål-Andreas Alnes

Har analysert eigarskifter
Vurderingar av eigarskapen er ei problemstilling ei rekke lokaleigde bedrifter står i – og mange har allereie teke skrittet og selt selskap.  

Tidlegare i år presenterte Hadar Corporate Finance ei analyse som viser at eigarskapen blir flytta ut av regionen. 

Samtidig meiner rådgivarane at fleire selskap på Nordvestlandet bør vurdere en vekststrategi gjennom oppkjøp. 

Rådgivarane har mellom anna hjelpt Evotec med eit oppkjøp i Serbia, Acel med oppkjøp av eit ingeniørselskap og Leinebris-eigarane med finansieringa av det nye fiskefartøyet deira. 

Millennium eksterior foto marius
MØTEPLASS: Millenniumbygget i Hareid sentrum har fleire bedrifter, arbeidsfellesskap og kafé innunder same tak. Foto: Marius Rosbach

Roser Millennium-eigarane
Kring halvparten av kundane til rådgivingsselskapet kjem frå Ålesund. Pål-Andreas Alnes meiner plasseringa eit steinkast frå hurtigbåtkaia på Hareid, er heilt super. 

Samtidig roser han eigarane av Millenniums-bygget der dei heldt til. 

– Vi har hatt tilgang til heile bygget med alt av fasilitetar som møterom, kafé og kontor. Og vi opplever at det er eit samlingspunkt mellom Ålesund og ytre søre Sunnmøre, seier han. 

Publisert: 18.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 17.04.2026 21:58

Mer om