Erna ros til Elizabeth
KREVJANDE: Til sommaren går Elizabeth Møller ut av Ulstein vidaregåande skule med fagbrev og studiekompetansen i realfag i handa. I dag kom statsminister Erna Solberg på besøk til Møller og hennar medelevar.
Nytt

Erna-ros til Elizabeth

Her er elevane statsminister Erna Solberg vil ha fleire av. Elizabeth Møller (20) har kombinerte skulebenk og arbeid i fire år.

22.04.2014
Går alt som Elizabeth Møller håpar på er ho student ved den populærer og krevjande undervass-ingeniørutdanninga i Bergen frå hausten av.
Undervassingeniørar er ettertrakta, og kampen om studieplassen er hard, men med eit karaktersnitt på over fem har Møller ein god sjanse til plass.
No er det berre å vente på svar på søknaden.
- Eg er veldig spent, seier Møller.

Dyktige folk

Møller og hennar medelevar som møtte statsminister Erna Solberg i dag, tysdag 22. april, tek teknisk almennfagleg utdanning (TAF) ved Ulstein vidaregåande skule. Det er ei fire-årig utdanning, der elevane kom-
binerer praksis, til dømes hos Kleven, og tid på skulebenken.
Når dei er ferdig har dei fagbrev, og studiekompetanse i realfag i tillegg.
Utdanninga er populær. Til tolv plassar til hausten har rektor Margrete Alme 41 søkjarar.
Det er ei utplukka gruppe som får plass, i følgje Alme,
- Du er nøydd til å ha fire i matte og naturfag frå ungdomskulen, seier ho.

Erna-ros

Erna Solberg møtte TAF-elevane som har Kleven som arbeidsplass på besøket hos næringslivet på Sunnmøre i dag. Ho er full av lovord om utdanningstilbodet.
- Det er veldig positivt. Eg synst det er flott at ungdom har lyst å ta industrierfaringa med seg inn til vidare utdanning. Den kombinasjonen som TAF er mellom industrifag og studiespesialisering det rekrutterer ein heilt annan type ungdom til industrien, seier ho.
Erfaringa fra TAF-tilbodet er nyttig også for utforminga av den vanlege yrkesutdanninga. Den var for teoritung og fjern frå arbeidslivet i ei periode vedgjekk Solberg då ho snakka med elevane.
-Fleire av fylkeskommunane har vore veldig dyktige på å utvikle yrkesfaga sine, det er derfor vi også har fått ein vekst i yrkesfag, seier ho.

Utvald gruppe

Men TAF-utdanninga kjem framleis til å bli eit tilbod for ei lita gruppe, trur Solberg.
Det er framleis slik at TAF-lina skal vere det spesielle, at du både får full studiekompetanse - spesialisert for å kunne gå rett inn på høgare utdanning, med realfagskrava for å kunne ta ingeniørutdanning - og eit yrkesfag. Det er for krevande for alle å ta.
Ulstein vidaregåande skule vil utvide TAF-tilbodet frå 12 til 14 plassar. Der kan Solberg berre love velvilje, ikkje vedtak.
-Vi kjem til å jobbe med korleis vi stimulerer til fleire plassar, men det er først og fremt fylkeskommunen som bestemmer det.

Publisert: 22.04.2014 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32