Nytt
Etablerer gründersenter i Sykkylven
Til våren flyttar Sykkylven Næringsutvikling og Hoppid-kontoret inn i nye sentrumslokale og opnar dørene for fleire.
08.02.2021
Her kan det blir plass til nye bedrifter, eller personar og små selskap som vil ha kontorplass i eit fellesskap. Gründerar skal både få ein kontorplass å drive frå, og råd og rettleiing i startfasen, fortel Åsne Folstad, leiar for Sykkylven Næringsutvikling.
Kommunen ser også at det er mange personar som arbeider for firma utanfor kommunen, men som har base i Sykkylven. Dei kan vere interesserte i eit tilbod som dette, seier ordførar og styreleiar for omstillingsprosjektet, Odd Jostein Drotninghaug.
Planen er å leige ut kontorplass både til dei som treng møtelokale, dei som treng ein plass berre nokre timar, og til dei som ønskjer meir langsiktig avtalar, fortel Folstad.
- Det skal vere ein møteplass, seier ho.
Møbelindustrien, med Ekornes i spissen, er den viktigast industrien i Sykkylven. Omstillingsprosjektet skal mellom anna bidra til at næringslivet i Sykkylven får fleire bein å stå på, utvikle reiseliv- og opplevingsnæringa og bidra til at tilbodet frå kommunen blir meir næringslivsvennleg.
Går alt som Folstad vil, skal kontoret også huse Sykkylven-avdelinga til det nasjonale senteret for møbel-, tekstil-, interiør- og moteindustrien, som er planlagt lagt til Sykkylven og Oslo.
Sykkylven Næringsutvikling administrere i dag både produksjonstuviklingsamarbeidet Møbelfront og samarbeidet for å utvikle og ta i bruk ny strikketeknologi, 3D Knitting Technology. Det er oppgåver som blir med inn i dei nye lokala.
Sykkylven Næringsutvikling markerte 30-årsjubileum med ein konferanse i 2019.
Då koronaepidenien og tiltaka mot den kom i mars 2020, førte det til omfattande permitteringar, som sende Sykkylven til topp i arbeidsløysestatistikken.
Etter kort tid såg industrien at folk pussa opp og kjøpte nye møblar. Tidleg i november 2020 låg mange av produsentane betre an enn på same tid i 2019, trass i koronaepidemen.
Kommunen ser også at det er mange personar som arbeider for firma utanfor kommunen, men som har base i Sykkylven. Dei kan vere interesserte i eit tilbod som dette, seier ordførar og styreleiar for omstillingsprosjektet, Odd Jostein Drotninghaug.
Planen er å leige ut kontorplass både til dei som treng møtelokale, dei som treng ein plass berre nokre timar, og til dei som ønskjer meir langsiktig avtalar, fortel Folstad.
- Det skal vere ein møteplass, seier ho.
Omstilling
Prosjektleiaren for omstillingsprosjektet skal også inn i det nye kontoret.Møbelindustrien, med Ekornes i spissen, er den viktigast industrien i Sykkylven. Omstillingsprosjektet skal mellom anna bidra til at næringslivet i Sykkylven får fleire bein å stå på, utvikle reiseliv- og opplevingsnæringa og bidra til at tilbodet frå kommunen blir meir næringslivsvennleg.
Les også:
Går alt som Folstad vil, skal kontoret også huse Sykkylven-avdelinga til det nasjonale senteret for møbel-, tekstil-, interiør- og moteindustrien, som er planlagt lagt til Sykkylven og Oslo.
Sykkylven Næringsutvikling administrere i dag både produksjonstuviklingsamarbeidet Møbelfront og samarbeidet for å utvikle og ta i bruk ny strikketeknologi, 3D Knitting Technology. Det er oppgåver som blir med inn i dei nye lokala.
Kommune og næringsliv
Sykkylven Næringsutvikling fungerer mellom anna som kommunen si næringsavdeling og er eigd 52/48 av Sykkylven kommune og næringslivet i kommunen, gjennom Sykkylven Industri og Næringslag.Sykkylven Næringsutvikling markerte 30-årsjubileum med ein konferanse i 2019.
Då koronaepidenien og tiltaka mot den kom i mars 2020, førte det til omfattande permitteringar, som sende Sykkylven til topp i arbeidsløysestatistikken.
Etter kort tid såg industrien at folk pussa opp og kjøpte nye møblar. Tidleg i november 2020 låg mange av produsentane betre an enn på same tid i 2019, trass i koronaepidemen.
Publisert: 08.02.2021 16:09
Sist oppdatert: 13.02.2022 10:52