Tysdag gjekk startskotet for eit tettare samarbeid mellom næringsforeiningane på Sunnmøre.
Då vart Næringsalliansen Sunnmørsregionen etablert ved Næringsfabrikken i Sykkylven. Med på samarbeidet blir også minst ein kommune som soknar til Romsdalen.
– Vi opplever at initiativet frå Ålesund var veldig bra, fortel dagleg leiar Eva Langstein i Vestnes Næringsforum.
Det var Næringsforeningen i Ålesundregionen som inviterte til møtet, der målet var å samle alle næringsforeningene i regionen i eit felles samarbeid.
– Vi har gode relasjonar til Sunnmøre
Langstein peiker på at Vestnes til eksempel har store skipsbyggjarbedrifter, som gjer at næringslivet har behov for å samarbeide. Dei er også medlem av både Romsdal og Sunnmøre Regionråd, og har fleire samarbeid gåande med Ålesund og nabokommunane.
Med den geografiske plasseringa på sørsida av Romsdalsfjorden blir kommunen eit bindeledd mellom dei to fogderia – der tonen ikkje alltid har vore like god dei i mellom.
– Vi har gode relasjonar til Sunnmøre i Vestnes. Kanskje det å vise at det går an for ei romsdalskommune å kjenne seg heime i sunnmørsregionen, kan knyte regionen tettare saman, seier Langstein.
Les også
Ingen har «meldt seg ut»
Sju av ti inviterte aktørar deltok fysisk eller digitalt på etableringsmøte for Næringsalliansen Sunnmørsregionen. Fleire av dei som var inviterte til møtet, kunne av ulike grunnar ikkje stille.
Den formelle deltakinga i alliansen skal behandlast av dei ulike næringsforeiningane, men Heidi Nakken fortel at ingen har gitt uttrykk for at dei ikkje vil vere med.
– Vi er samde om at det er problemstillingar som næringslivet i regionen står ovanfor, som vi treng å løfte i lag. Vi må stå sterkare saman for at vi skal bli høyrt, seier ho til Nett No etter det fire timer lange møtet var over.
– Vi vil finne det som vi kan bli sterkare på saman. Det gjeld å løfte regionen når det kjem til omdømme, og det å vere synlege og tydelege – både i det offentlege, men også i politiske fora for å løfte problem som er viktig for bedriftene våre, legg Nakken til.
Peikar på vegar og ferje
Styreleiar Idar Flø i Hareid Næringsforum var mellom dei som hadde teke turen til møbelbygda. Han er ikkje i tvil om at ideen om ein allianse er god – og stiller seg positiv til å vere med.
– I den grad vi kan vere med å løfte saker som gjeld heile regionen, så er det ikkje noko vil heller vil, seier Flø.
Han peiker på samferdsel - og spesielt vegar og ferje - som områder det er mogleg å samarbeide om, for å få meir slagkraft i politiske diskusjonar i kamp med andre delar av landet.
– I staden for å diskutere ein reduksjon av ferjetilbodet, burde debatten gått på korleis ein kan auke tilbodet, meiner Flø.
Gratis hurtigbåttilbod er eit anna forslag han gjerne hadde sett kome på bordet.
Minst tre møter årleg
Det er ikkje tenkt at det skal koste noko å vere med i Næringsalliansen Sunnmørsregionen.
Heidi Nakken fortel at Næringsforeningen i Ålesundregionen har teke på seg ansvaret med å vere sekretariat for samarbeidet det første året.
Planen er å ha fysiske møter tre gonger i året. I tillegg vil dei invitere regionrådet og andre aktørar som kan vere naturleg, til eitt årleg møte.
– Der blir nokre faste møtepunkt, også kjem vi til å ha kontakt undervegs og ha Teams-møter om noko dukkar opp, seier Nakken.
Publisert: 29.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 28.01.2025 21:15