Oljeboomen blei altoppslukande. No når den er over ser vi at det ikkje har vekse fram nye store bedrifter frå alle nyetableringane.
Det meiner instituttleiar Hans Petter Hildre ved institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU. Årleg blir det starta over 2500-3000 bedrifter i Møre og Romsdal. Men dei blir stort sett verande små. Hildre vil ha fram bedrifter som kan bli dei nye lokomotiva i næringslivet på Nordvestlandet.
- Det blir starta for få som veks, seier Hildre.
Hildre har tre framlegg til kva som må gjerast. Alle tiltaka handlar om å gi drahjelp til lovande bedrifter, og å spisse satsinga mot svært få - som til gjengjeld skal få mykje hjelp:
Universitet og høgskular må opne dørene og gi potensielle vekstbedrifter tilgang til laboratorium og forskarar.
Ei til to potensielle vekstbedrifter blir plukka ut til eit akselleratorprogram som varer minst eit halvt år, med tilgang til mentorar, investorar og andre støttespelarar for å løfte selskapa opp frå småbedrifter og skape dei om til vekstbedrifter.
Kortvarige kurs for å stimulere og lære opp både nye og etablerte bedrifter i nytenking og enterprenørskap, slik som sommarskulen som blir arrangert i Ålesund 6.-10. august i år, i samarbeid med Massachusetts Institute of Technology (MIT).
- Før låg industrien rundt omkring, no ser vi auka betydning av byar og bysenter, seier Hildre.
For Nordvestlandet meiner han dette vil auke betydninga av gode kommunikasjonar framover, for å skape ein arbeidsmarknad som har fordelane som ein by har - sjølv med meir spreidd busetnad.
Det meiner instituttleiar Hans Petter Hildre ved institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU. Årleg blir det starta over 2500-3000 bedrifter i Møre og Romsdal. Men dei blir stort sett verande små. Hildre vil ha fram bedrifter som kan bli dei nye lokomotiva i næringslivet på Nordvestlandet.
- Det blir starta for få som veks, seier Hildre.
Vil gi drahjelp
I morgon skal han snakke om den manglande veksten hos nyetablerte bedrifter på "Næringsdriv", Sparebank1 SMN sin årlege næringskonferanse i Ålesund.Hildre har tre framlegg til kva som må gjerast. Alle tiltaka handlar om å gi drahjelp til lovande bedrifter, og å spisse satsinga mot svært få - som til gjengjeld skal få mykje hjelp:
Universitet og høgskular må opne dørene og gi potensielle vekstbedrifter tilgang til laboratorium og forskarar.
Ei til to potensielle vekstbedrifter blir plukka ut til eit akselleratorprogram som varer minst eit halvt år, med tilgang til mentorar, investorar og andre støttespelarar for å løfte selskapa opp frå småbedrifter og skape dei om til vekstbedrifter.
Kortvarige kurs for å stimulere og lære opp både nye og etablerte bedrifter i nytenking og enterprenørskap, slik som sommarskulen som blir arrangert i Ålesund 6.-10. august i år, i samarbeid med Massachusetts Institute of Technology (MIT).
Vekst i byane
Eit trekk i det som blir kalla den fjerde industrielle revolusjon - der internett, robotar og automatisering spelar ei stor rolle - er at veksten i mykje større grad skjer i byane.- Før låg industrien rundt omkring, no ser vi auka betydning av byar og bysenter, seier Hildre.
For Nordvestlandet meiner han dette vil auke betydninga av gode kommunikasjonar framover, for å skape ein arbeidsmarknad som har fordelane som ein by har - sjølv med meir spreidd busetnad.
Det blir starta for få som veks
Publisert: 15.06.2017 16:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11