IMG 5254
AVTALE: Salsjef Geir Henning Kalvatn i Evotec (t.v) og Bjørn Roppen, leiar for subseaavdelinga i Tautech. Foto: Evotec
Nytt

Evotec får Tau Tech-oppdrag

Skal levere utstyr for 40 millionar kroner.

19.01.2022

Evotec i Ulsteinvik skal levere handteringsutstyret til Tau Tech sin haneskjell-fiskebåt.

Båten skal byggast om frå forsyningskip til fiskebåt hos Fiskerstrand Verft og Evotec skal levere kabelen og handteringsutstyret som må til for å drive fisket.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Bjørdal i Ørsta skal bygge fabrikken ombord.

Ideen til Tau Tech er å drive fiske etter haneskjell med ein metode som ikkje skadar havbotnen, der skjela blir plukka i staden for fanga i ein trål som blir slept på botnen.,

Målet er å restarte eit fiske som vart stoppa for fleire tiår sidan på grunn av overfiske og hardhendte fiskemetodar. Planen er å starte prøvefiske til hausten.

Publisert: 19.01.2022 11:19

Sist oppdatert: 19.01.2022 11:19

Mer om