Tau Tech grunnleggarene m Ø Tvedt foto Tau Tech
GRUNNLEGGARANE: Frå venstre: Jan Rogne, Bernt Rogne, Øystein Tvedt, Sverre Olav Farstad, Karl Fredrik Sandvik og Bjørn Roppen. Foto: Tau Tech
Nytt

Utvikler ny kamerateknologi for skjellsanking

Tau Tech startar prøvefiske etter haneskjell til hausten. Får millionstøtte.

10.12.2021

Ved hjelp av kamera og lys skal haneskjellfiskarane i Tau Tech i Ålesund finne og plukke haneskjel på botnen av Barentshavet.

Målet er å restarte eit fiske som vart stoppa for fleire tiår sidan på grunn av overfiske og hardhendte fiskemetodar.

Planen er å starte prøvefiske til hausten. Torsdag fekk dei beskjed at dei får seks millionar kroner i støtte frå forskingsrådet via Nærings- og fiskeridepartement.

Det betyr selskapet kjem eit godt stykke nærare å starte fisket som planlagt, fortel dagleg leiar og medeigar Øystein Tvedt i Tau Tech til NETT NO.

Saman med Jan Rogne, Bernt Rogne, Sverre Olav Farstad, Karl Fredrik Sandvik og Bjørn Roppen starta Tvedt fiskeriteknologiselskapet Tau Tech i 2016.

Utvikling
Støtta til Ålesund-selskapet skal brukast til å utvikle kamerateknologien dei treng for å kunne drive eit berekraftig fiske etter haneskjell.

Med kamerateknologien kan fiskereiskapen sjå og og styre plukkinga av skjella på botnen, ved hjelp av sugekraft.

Tvedt vil ikkje gi detaljar om fiskereiskap og metode, ut over at det er ein reiskap som er knytt til skipet, brukar kamerateknologi og sugekraft - og plukkar skjell på ein måte som havforskarane meiner er skånsam både for botn og skjellbestanden.

Kamerateknologien blir utvikla i samarbeid med Sintef Ålesund og Scantrol Deep Vision i Bergen.

Eitt av 11 selskap
Tau Tech er eitt av 11 selskap som får støtte til produkt-, teknologi- og prosessutvikling innan ulike havnæringar, fortel Næring- og fiskeridepartementet i ei pressemelding. Til saman skal det delast ut 68 millionar kroner fordelt over tre år.

Les pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet her.

Mellom støttemottakarane er også Norbait i Måløy (to millionar) og Hav Group-selskapet Norwegian Electric System (to millionar kroner i støtte).

Fem års prøvefiske
Tau Tech fekk tidlegare i år løyve til å drive prøvefiske etter haneskjel i fem år.

Den tidlegare måten å drive hanefiske på var å skrape botnen med trål, og kort sagt sjå kva du fekk opp.

Den fangsmetoden vart forboden i Noreg i 1992.

Publisert: 10.12.2021 15:45

Sist oppdatert: 12.01.2022 11:41

Mer om