Leverer fabrikk til skjellsanking
PE Bjørdal i Ørsta leverer fabrikk til Tau Tech sitt ombygde offshoreskip.
PE Bjørdal skal levere fabrikk og utstyr til det nye skipet til skjellsankarane i Tau Tech. Det opplyser selskapet i ei pressemelding.
Måndag blei det kjent at Fiskerstrand Verft skal gjere jobben med å bygge om offshoreskipet Tau Tech skal ta i bruk i fiske etter haneskjell. Ålesund-selskapet har utvikla ein ny metode for fiske etter kampskjell-arten, og skal på prøvefiske til hausten.
PA Bjørdal skal levere fabrikken om bord, og den skal vere i stand til å handtere kring 100 tonn skjell dagleg. Sluttproduktet er renska og singlefrosne musklar.
Ørsta-bedrifta opplyser ikkje verdien på avtalen, som også inneheld automasjonssystem, fabrikkutstyr og installasjonstjenester. Leveringa vil skje i midten av 2022.
– Opna for nye moglegheiter
PE Bjørdal-sjef
Bjørn Meek fortel i meldinga at bedrifta i Hovdebygda har vorte kjent
for fabrikkene sine til hvitfisk og store krabber, og at oppdraget for
Tau Tech er eit resultat av den erfaringa.
– Det er svært gledeleg at det er opna for nye moglegheiter for fangst av skjell, der ein no får nytta gode ressursar på ein måte som ikkje skader miljøet på havbotnen, påpeiker Meek.
Fiske etter kamskjell-arten har vore stansa i fleire tiår, men Tau Tech har fått løyve til prøvehausting.
Har henta inn 300 millionar
I helga blei det kjent at Tau Tech har henta inn kring 300 millionar frå investorar, bank og offentlege tilskot.
Mellom dei nye investorane er Norselab, med eksalpinist Aksel Lind Svindal og sunnmøringen Yngve Tvedt på laget. Også Roger Hofset, Sverre Andreas Farstad er også mellom dei nye investorane.
Tau Tech topper også lista over bedriftene som fikk tilsagn om mest støtte fra Innovasjon Norge i fjor med 18,5 millioner kroner.
Publisert: 18.01.2022 10:15
Sist oppdatert: 18.01.2022 10:34