IMG 8343
TERRENGGÅANDE: Exotec lagar eit terrenggåande køyretøy på batteri som gjer at funkjsonshemma kan dra ut i naturen. Foto: Exotek
Nytt

Exotek har fått fart på salet

Hentar pengar og planlegg større vekst med terrenggåande køyretøy for funksjonhemma.

15.09.2023

2023 er det første året der Exotek er i gang med ordinært salg av sine terrenggåande køyretøy for funksjonhemma, ideen selskapet fekk Næringsteftprisen for i 2021.

Medgrunnleggar Sigurd Groven blei lam i ei sykkelulykke i 2015. Ønsket om kunne halde fram eit aktivt liv utandørs og å kunne dra på tur i naturen saman med familien dreiv fram det som i dag er Exotek.

Har snart seld 50 køyretøy
Så langt i år har Exotek seld omlag 40 køyretøy. Medrekna pilotutgåver som er selde tidlegare nærmar selskapet seg no 50 selde køyretøy.

Køyretøya blir montert i selskapet sine lokale i Stordal, vegg i vegg med den mekaniske industribedrifta Simek, som lagar rammene til køyretøya.

– Vi lagar omtrent to i veka, seier dagleg leiar Eelco Willem Van Weerdhuizen. Alle køyretøy som blir montert har allereie ein kunde, og Van Weerdhuizen seier selskapet håpar å selje ytterlegare 20-25 køyretøy innan året er omme.

Hentar pengar
I løpet av året er målet å hente inn mellom fem og åtte millionar kroner i ny eigenkapital. Ein del av pengane er allereie henta inn i form av konvertible lån. Dei skal gjerast om til eigenkapital når selskapet gjennomfører ein vanleg emisjon i haust.

Pengane skal gå til å utvide produksjonskapasiteten og styrke marknadsarbeidet, ifølgje Van Weerdhuizen. I dag har selskapet sju tilsette. Groven og to mekanikarar arbeider i Stordal.

I år er det som Noreg hovudmarknaden, der køyretøya blir selde rett frå selskapet. I utlandet satsar Exotek på sal gjennom forhandlarar. Selskapet har fått ein forhandlar i Belgia og er i dialog med moglege forhandlarar i Sverige og Storbritannia.

Hentar pengar
I løpet av året er målet å hente inn mellom fem og åtte millionar kroner i ny eigenkapital. Ein del av pengane er allereie hente inn i form av konvertible lån, som skal gjerast om til eigenkapital når selskapet gjennomfører ein vanleg emisjon i haust.

Pengane skal gå til å utvide produksjonskapasiteten og styrke marknadsarbeidet, ifølgje Van Weerdhuizen. I dag har selskapet sju tilsette. Groven og to mekanikarar arbeider i Stordal.

I år er det som Noreg hovudmarknaden, der køyretøya blir selde rett frå selskapet. I utlandet satsar Exotek på sal gjennom forhandlarar. Selskapet har fått ein forhandlar i Belgia og er i dialog med moglege forhandlarar i Sverige og Storbritannia.

(saka held fram under)

Exotek as
Tal i mill. kroner20222021

Driftsinntekt

0,62,4
Driftsresultat-2,40,2
Resultat før skatt-2,60,2

Nord-Amerika og Europa
Neste steg for selskapet er å vinne innpass også i Nord-Amerika og ein større del av Europa. Planen er å gjennomføre ei større kapitalutviding i 2024/2025 for å finansiere den satsinga, seier Van Weerdhuizen.

Ved utløpet av 2022 eigde Sigurd Groven og medgrunnleggar Mattias Storvestre 35,58 prosent kvar av Exotek. Eelco Willem Van Weerdhuizen 13,78 prosent, Stette Invest as (Peder Stette og familie) 10,527 prosent, Rsco as (Rune-Kjetil Skogen) 3,779 prosent og Terje Engeset 0,753 prosent.

Publisert: 15.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 15.09.2023 13:06

Mer om