Faar drahjelp av konkurrenten
DRAHJELP: Å få konkurrenten Plantasjen som nabo gav Anita Tilseth i Tilseth Hagesenter eit kraftig løft.
Nytt

Får drahjelp av konkurrenten

Etter at konkurrenten og gartnerigiganten Plantasjen flytta inn på nabotomta har det gått rett oppover for Tilseth Hagesenter.

09.04.2014
Dagleg leiar Anita Tilseth har nettopp fått konvolutten frå reknskapsføraren, som viser nok eit godt år for det familieeigde hagesenteret i Furene i Volda.
Då Plantasjen bygde og flytta inn på andre sida av vegen var Anita og hennar to søsken akkurat i ferd med å ta over familibedrifta. Plantasjens inntogsmarsj var skremande, vedgår Tilseth, og det var ein god del fram og tilbake.

Pluss ein million

Men ei 40 år gamal familiebedrift legg du ikkje berre ned utan vidare, og søskena bestemte seg for å satse.
Sidan 2010 har dei auka driftsinntektene med over ein million kroner kvart år, og slik gjekk det frå 2012 til 2013 også (sjå tabell).
Veksten fell saman med at Plantasjen kom. Det som kunne bli ei forbanning, blei ei velsigning.

Dreg fleire kundar

- Eg trur aktivitet dreg aktivitet, seier Tilseth.
Med Plantasjen og Tilseth Hagesenter rett ved sidan av kvarandre blir området meir attraktivt, og fleire og meir langvegsfarande kundar vel å ta turen til Furene.
Også eit større vareutval og satsing på service og fagkunnskap har vore med og løfta salet, meiner Tilseth.
Tilseth trekkjer til seg kundar frå heile Søre Sunnmøre, og med Kvivsvegen på plass dukkar også nordfjordingar og strandarar opp mellom plantene.

Pangstart

Mild vinter og vår gav Tilseth Hagesenter ein pangstart på sesongen. Senteret vinterstengjer etter jul og opnar ikkje før 1. mars. Då sto kundane klare, og salet auka med over 40 prosent i mars i år i samanlikna med mars i fjor.
Tilseth blir nesten forbausa når ho ser korleis sesongen starta. Mykje av grunnen til det gode mars-salet godt sal av hagemøblar, varmt ver har fått mange til å sikre seg at nye hagemøblar står klare frå første dag veret er brukande.

Større kjede

Tilseth Hagesenter er medlem i hagesenterkjeda BoGrønt, med over 60 bedrifter på medlemlista. Frå neste år slår BoGrønt og konkurrenten Hageland seg saman til ei kjede, med over 100 medlemsbedrifter.
På Sunnmøre/Nordfjord har BoGrønt-kjeda butikk i Volda og i Gloppen, medan Hageland er på plass i Ålesund. Plantasjen har butikk i Ålesund (Breivika) og Furene i Volda.

Driv kvar si bedrift

Tilseth-søskena eig ein tredjepart kvar i firmaet, men det er berre Anita som er tilsett der. Søstra, Solgunn Tilseth Breivik eig og driv blomsterbutikken Tilseth Blomster i Ørsta, medan broren Eirik Jostein Tilseth eig og driv anleggsgartnarfirmaet Tilseth.

Publisert: 09.04.2014 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32