Forsvarar Vegard Aaløkken og forsvarar Jan Erik Teigum foto Ogne
ANKAR IGJEN: Cato Aurstad sine forsvarar, Vegard Aaløkken (t.v) og Jan Erik Teigum. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Får nei til anke for andre gang

Frostating Lagmannsrett nektar å ta dommen mot Cato Aurstad opp til ny behandling.

03.01.2022

- Den avgjerda vil bli anka til Høgsterett, seier Cato Aurstad sin advokat, Vegard Aaløkken, etter at Frostating Lagmannsrett for andre gang nektar Cato Aurstad å få dommen frå tingretten opp til ny behandling i lagmannsretten.

Lagmannretten avviste anken frå Aurstad i fjor, men Høgsterett sette ankeavvisinga til sides.

No har Frostating behandla anken på nytt, og nok ein gang konkludert med at ei ny behandling av spørsmålet om skuld og straff ikkje vil føre fram.

Eitt år og ni månadar
Cato Aurstad vart i mai 2020 dømt til eitt år og ni månaders fengsel av tingretten. Aurstad er største aksjonær i Aurstad-konsernet i Ørsta og arbeider i selskapet. Aurstad-konsernet er eit entreprenørselskap som mellom anna byggjer veganlegg.

Utgangspunktet for straffesaka var salet av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A. Aurstad i oktober 2018 til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige, omlag to månadar før det blei opna konkurs i K.A.Aurstad.

Økokrim meinte salet vart gjort til langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane, og at Cato Aurstad både hadde ansvaret og var klar over underprisen. Det var dommarane i tingretten samde i.

Ny sak om erstatning
Samstundes med at straffesaka mot Cato Aurstad går i rettsapparatet har Aurstad-konsernet ei sivilsak mot ein tidlegare juridisk rådgivar gåande.

I august 2020 vart advokatfirmaet DLA Piper dømt til å betale Aurstad-selskapet Aurstad Maskinutleige 8,6 millionar kroner etter råd selskapet gav før K.A. Aurstad-konkursen. Dommen blei anka og i lagmannsretten fekk DLA Piper medhald.

Den dommen vart anka til Høgsterett, som i fjor bestemte at lagmannsretten må behandle saka på ny.

Publisert: 03.01.2022 10:46

Sist oppdatert: 11.02.2022 12:22

Mer om