Ekornes produksjon foto Ogne
BOOM: Folk kjøpte meir møblar under koronapandemien og Ekornes-konsernet hadde mange jobbar å tilby. No er boomen for møbelindustrien over toppen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Første varsel om tøffare tider

Møbelboomen over toppen. Bremsene på i arbeidsmarknaden. Analyse og resultatoversikt for møbelbransjen.

04.09.2022
ANALYSE:

Denne veka kom to varsel om at no tek høgare rente, dyrare straum, dyrare drivstoff og ein generell kraftig prisvekst - til å bite.

Boomen som møbelbransjen har hatt under koronatida har stoppa. Ekornes-konsernet melde om krympande ordreinngang i halvårsrapporten sin.

Det er framleis nok å gjere, og ei solid ordrebok, men folk er ikkje like ivrige på å kjøpe møblar som før.

35-40 tilsette slutta på Ekornes for å byrje på skule eller studiar i haust, og er ikkje erstatta. Det er rett no ei nedbemanning som ikkje slår ut i arbeidsmarknadsstatistikken, men likevel ei nedbemanning.

Nav-statistikken for august fortel framleis om mange ledige jobbar, men Nav-sjefane både i Vestland og Møre og Romsdal trur det blir fleire arbeidsledige utover hausten.

Ekornes har auka talet på tilsette kraftig dei siste åra. Selskapet har mellom anna fått heider for rekruttering av folk med flyktningstatus, der dei tilsette har fått språkopplæring med på kjøpet.

Endringa som Ekornes opplever skuldast også at smitteverntiltaka mot korona, som har halde folk heime i to år, no er fjerna eller letta på i mange land. Når folk kan reise igjen og gå på konsertar og restaurantar blir møbelkjøp ikkje like høgt prioritert.

Men at koronaeffekten er borte er ikkje den einaste grunnen til at forbrukarane held betre på lommeboka. Bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening i Norsk Industri er redd for at summen av alle faktorane som bremsar økonomien blir for stor. Designindustriens bransjeforening omfattar mellom anna møbelindustrien.

- Eg er bekymra for at Regjeringa ikkje ser konsekvensen av at summen (av kostnadsauken, red.merk ) pluss renteauken fører til ei mykje større innsparing enn ein treng, seier Sundet.

For møbelprodusentane som produserer for forbrukarmarknaden kom det eit omslag frå påsketider og utover våren i år. Møbeleksporten auka nesten 20 prosent i fjor, den største veksten så lenge Sundet (55) kan hugse. Også i år starta det med vekst, før det dabba av. No håpar han bransjen greier å halde eksporten på same nivå som i fjor.

Frå 2020 til 2021 auka driftsinntektene til møbelprodusentane i NETT NO si oversikt med heile 24 prosent (sjå tabell i slutten av artikkelen). Samanlikna med 2019 var det ein auke på 34 prosent. Inntektsveksten er kombinert med betra lønsemd, så det er ingen tvil om at koronaåra blei gode. 2022 starta også bra, men så kom omslaget.

No vil utviklinga i haust avgjere om møbelindustrien samla sett unngår at driftsinntektene blir redusert frå i fjor.

Møbelprodusentane på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
K = Konsern
Driftsinntekt
Res. f. skatt
Selskap
2021
202020212020
Ekornes QM Holding as (K)
4317,9
3481,7338,1178,1
Wonderland
363,1
345,912,215,9
Slettvoll Møbler as (K)
406,7
207,054,834,5
Fora Form as
163,6
145,913,63,6
Brunstad (K)
154,5
126,16,21,1
Langlo as
116,8
1153,64,1
Helland Møbler as
81,5
79,6-1,01,4
Formfin as
66,2
54,63,32,9
Stordal Møbel as
46,8
46,61,00,6
L K Hjelle Møbelfabrikk as
53,4
42,32,31,7
Hovden Møbler as
38,9
32,72,00,5
Vad as
22,9
21,62,4-1,8
Fjordfiesta Furniture as
18,1
14,00,91,1
Sitwell as
14,9
14,000,5
Nesje as
11,8
11,7-1,8-1,8
Tonning & Stryn
12,1
11,20,30,3
Rovde Møbel & Design as
13,2
9,90,10,2
Stjernemadrassen
9,2
7,91,10,1
Feel Free Production
6,3
4,10,1-0,2
Vatne Møbler
6,0
3,22,10,4
Jarnes Møbler as
2,9
2,20,040,1
Cylindra
0,1
0,20,020,03
SUM
5926,9
4777,4441,36243,3
Konsernet Slettvoll Møbler omfattar både fabrikk og butikkar
Brunstad-konsernet omfattar også fabrikk i Baltikum
Helland Møbler og Hovden Møbler sine fabrikkar i Baltikum er ikkje omfatta

Publisert: 04.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.09.2022 12:17

Mer om