Industri illustrasjon innfelt anne kverneland bogsnes foto marius nav 11
STOR MANGEL PÅ ARBEIDSKRAFT: Nav-direktør Vestland, Anne Kverneland Bogsnes (innfelt) meiner mangelen på arbeidskraft fleire stader er «ganske dramatisk». Foto: Marius Rosbach/Nav
Nytt

Mange ledige jobbar – trur arbeidsløysa vil stige

Nav-direktørane på Nordvestlandet åtvarar mot konsekvensane for næringslivet.

Marius Rosbach
02.09.2022

Fredag kom nye arbeidsløysetal frå Nav, som viser ei arbeidsløyse på 2,5 prosent i Møre og Romsdal og 1,6 prosent i Vestland.

Nav sine fylkesdirektørar meiner det er grunn til å tru at arbeidsløysa snart har nådd botn, og at utviklinga vil snu utover hausten.

– Risiko for nedleggingar og konkursar
Trass i at det er mange ledige jobbar, peiker dei på fleire trekk som gjer at det etter kvart vil bli fleire ledige.

– Mangelen på arbeidskraft er ganske dramatisk i fleire kommunar, mellom anna fordi befolkningsutviklinga stagnerer fleire stader i fylket. Når ein ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft, er det også risiko for nedleggingar og konkursar, uttaler Nav-direktør Vestland, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

Fleire faktorar påverker
Høg inflasjon, krigen i Ukraina og auka rentenivå gjer ting dyrare for både folk og bedrifter, og gjer igjen at forbruk og investeringar går ned.

– Det vil også påverke næringslivet i vårt fylke. Vi ser til eksempel allereie at enkelte byggeprosjekt er utsett. Sjølv om ikkje det er dyr straum hos oss, påverkar det oss likevel i form av auka råvare- og transportkostnader, seier Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal i ein melding om tala.

Stort behov for folk i mange yrke
I Møre og Romsdal er det no stor etterspurnad etter folk i ein rekke yrke, som lagerarbeidarar, merkantile oppgåver i både offentleg og privat sektor, elektro, transport, helse og sosial, utdanning og sal og service.

Nav-direktør ber dei som er utan arbeid om å gripe sjansen.

– Bedriftsleiarar gir oss klare tilbakemeldingar om at faglært arbeidskraft er mangelvare. Dei ber oss om kandidatar som ønsker å jobbe, så vil dei sjølv gi den nødvendige opplæringa internt, seier Veland.

Fleire tek ansvar for opplæring og tilrettelegging
Nav-direktør Bogsnes i Vestland er glad for at fleire arbeidsgivarar tar eit større ansvar for opplæring og tilrettelegging på arbeidsplassen. Det gjer at ein kan nytte arbeidskraftreserven blant dei ledige og andre utanfor arbeidslivet.

– Eg oppmodar fleire arbeidsgivarar til å gjere det same. NAV bidreg også, mellom anna med tilpassa utdanningsløp til bransjar med mangel på arbeidskraft, påpeiker ho.

Publisert: 02.09.2022 10:33

Sist oppdatert: 02.09.2022 10:56

Mer om