Mangfoldpris ekornes fylkesting foto marius 11
MOTTOK PRIS: Mentor Elin Nordstrand (f.v.) og produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr tok i mot prisen på vegner av Ekornes frå fylkesordførar Tove Lise Torve og leiar av kultur, næring og folkehelseutvalget, Marit Nerås Krogsæter. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire enn 100 i jobb via Ekornes-program

Sjølv ein person som verken kunne lese eller skrive, fekk fast jobb etter at møbelkonsernet tenkte nytt om rekruttering.

Marius Rosbach
26.04.2022

I løpet av dei siste to åra har godt over 100 tilsette fått fast jobb i Ekornes, etter å ha gått gjennom eit program møbelprodusenten har saman med NAV og flyktningetenesta.

Rekrutteringsarbeidet til Sykkylven-bedrifta ga dei den fylkeskommunale mangfaldsprisen, som blei delt ut måndag denne veka.

– Vinn-vinn-situasjon for alle partar
Produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr i Ekornes tør ikkje seie sikkert kor mange personar som har gjennomgått programmet, men anslår at det dreiar seg om kring 130 personar til no.

– Dette gir ein kjempegevinst for oss som bedrift også. Eg vil påstå det er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, sa Våtnmyr då han tok i mot prisen.

Berre det første året frå sommaren 2020 til 2021, var det 92 som gjennomførte programmet og 87 som fekk fast jobb etterpå.

Kunne ikkje alfabetet – fekk fast jobb
Produksjonssjefen fortalde mellom anna om ein person som ikkje kunne norsk – og heller ikkje kunne lese, eller skrive på sitt eige språk.

– Det blei laga til bilde og forklaringar på arbeidsoperasjonane. Vedkommande meistra det veldig bra og fekk fast jobb til slutt. Det er ei historie som viser at trass i at folk ikkje kan så mykje, og kanskje ikkje ein gong alfabetet, så er det moglegheiter, la Våtmyr til.

NETT NO har tidlegare omtala rekrutteringa som har gitt arbeid til ein rekke flyktningar i lokalmiljøet og nabokommunane.

Publisert: 26.04.2022 11:48

Sist oppdatert: 26.04.2022 17:21

Mer om