- Fagarbeidarar og ingeniørar må vere med og utvikle produksjonslinjene for å få optimal og effektiv produksjon, dette vil vere viktig og framtidsretta kompetanse, seier Holstad.
Dette var noko Holstad poengterte under Fagskolekonferansen i Ålesund tirsdag, og som er ein del av Campus-veka.
- Det vil derfor vere viktig med heilheitsforståelse, og der ein har evne til å sjå samanhengar i produksjonsprosessar og verdikjeden. Breiddekompetanse, tverrfaglegheit og evne til systematisk forbetringsarbeid og læring, er framtidsretta kompetanse, seier ho.
Livslang læring vil også vere viktig, og der ein kan ha fleksibilitet mellom yrkeserfaring og utdanning.
- Vi har mellom anna veldig god erfaring med TAF (teknisk allmennfag), og som utdanner dyktige ingeniørar som vil vere veldig gode for oss, seier Holstad.
- Gjennom det fireårige løpet ser vi at desse bidrar positivt i bedriftene både når dei er elevar og seinare lærlingar, og dei har ein kombinasjon av praktisk erfaring, opplæring i bedrift og ingeniørkompetanse, seier Holstad.
- Det er ei utfordring at det i mange utdanningsinstitusjonar manglar både moderne utstyr og lærekrefter innan moderne teknologi, til dømes i høve til robotisert produksjon, seier Holstad.
Dette var noko Holstad poengterte under Fagskolekonferansen i Ålesund tirsdag, og som er ein del av Campus-veka.
Effektivisere produksjonslinjene
Det betyr at Kleven Verft ser at fagarbeidarar og ingeniørar må kunne utvikle bruk av datastyrte og digital verkty, mellom anna robotverkty. Å kunne optimalisere automatiserte produksjonslinjer vil vere viktig i framtida.- Det vil derfor vere viktig med heilheitsforståelse, og der ein har evne til å sjå samanhengar i produksjonsprosessar og verdikjeden. Breiddekompetanse, tverrfaglegheit og evne til systematisk forbetringsarbeid og læring, er framtidsretta kompetanse, seier ho.
Kommunikasjon og engelsk viktig
I tillegg vektlegg Holstad gode kommunikasjonsevner og språkkunnskap, samt evne til dokument- og riskikohandtering.Livslang læring vil også vere viktig, og der ein kan ha fleksibilitet mellom yrkeserfaring og utdanning.
- Vi har mellom anna veldig god erfaring med TAF (teknisk allmennfag), og som utdanner dyktige ingeniørar som vil vere veldig gode for oss, seier Holstad.
God kombinasjon
Ifølge Holstad er det sterke elevar som tar dette yrkesløpet, og det er ei linje det er vanskelig å kome inn på.- Gjennom det fireårige løpet ser vi at desse bidrar positivt i bedriftene både når dei er elevar og seinare lærlingar, og dei har ein kombinasjon av praktisk erfaring, opplæring i bedrift og ingeniørkompetanse, seier Holstad.
Fagopplæringa manglar utstyr
Ho stilte på konferansen likevel spørsmål om fagopplæringa evner å møte den prosessinnovasjonen som pågår i moderne industriproduksjon.- Det er ei utfordring at det i mange utdanningsinstitusjonar manglar både moderne utstyr og lærekrefter innan moderne teknologi, til dømes i høve til robotisert produksjon, seier Holstad.
Det vil vere viktig å sjå samanhengar i produksjonsprosessar og verdikjeden
Publisert: 22.09.2015 14:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47