Fann loeysinga lokalt
SAMARBEID:Therese Frøystad Igesund frå Exlevel, Brit Ytrebø og Margunn Knotten Leine frå Rem Offshore har funne fram til eit system som er enkelt å drifte og som på ein effektiv måte gir mannskapsavdelinga god oversikt.
Nytt

Fann løysinga lokalt

Ho har bygd opp ei bedrift ut frå hennar kunnskap om Office-programma. No har Rem Offshore fått hjelp til å ha orden over mannskapsskifta.

04.04.2016
- Når ein jobbar med store og samansette system som stadig endrar seg, må ein ha god orden og oversikt, seier Therese Frøystad Igesund frå Herøy.
I juli 2013 starta ho bedrifta Exlevel og tilbyr konsulenttenester og bedriftsinterne kurs slik at bedrifter kan drage meir nytte av mulegheitene i desse programma.
- Vi opplever auka etterspørsel av våre konsulenttenester og Exlevel har auka fokus på dette forretningsområdet, seier Frøystad Igesund, som opplyser at ein satsar primært på Sunnmøre og i Nordfjord.

- Excel best eigna

Ho seier at det Fosnavåg-baserte selskapet har spisskompetanse på bedrifter sin bruk av Microsoft Office-programma.
- Excel peikte seg ut som det best egna verktøyet for oppdraget frå Rem Offshore.
- Microsoft Excel er eit program som dei fleste bedrifter, også Rem Offshore, har og bruker. Ved å bruke dette programmet fekk ein lave oppstartskostnader og det gjorde det enklare både med opplæring og drift.

God oversikt

Ho opplyser at det nye systemet gir all informasjon som trengst inn mot mannskapsskifte på alle fartøya til Rem Offshore.
- Mannskapsavdelinga får ei fullstendig oversikt over alle variablane i mannskapsskiftet og systemet er utarbeidd på ein måte som gir svært gode rapporteringsmulegheiter.
I ei pressemelding frå Exlevel vert det vist til at når det gjeld mannskapsskifte er variablane nærast tallause, dei endrar seg stadig – og reiarlaget må ha oppdatert oversikt til ei kvar tid.
- Det er feriar og kurs, ulike turnusar og ulike krav til bemanning etter kva oppdrag båtane er ute på. Det skiftar dag til dag og månad til månad.

Også for små bedrifter

Frøystad Igesund viser til at i Rem Offshore vart Excel-filene tilpassa for ei bedrift med mange hundre tilsette, men ho meiner at også mange mindre bedrifter vil kunne ha nytte av dette filsystemet.
- Dette er nyttig i bedrifter der tilsette går i turnus og ein skiftar bemanning, men også i bedrifter der tilsette jobbar i ulike prosjekt og ein må ha oversikt over kva folk ein har tilgjengeleg på ulike prosjekt til ulike tider.
Vi opplever auka etterspørsel av våre konsulenttenester

Publisert: 04.04.2016 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54