ANALYSE:
I løpet av kort tid er verda blir ein langt meir utrygg plass. Russlands krigføring i Ukraina, USAs nye utanrikspolitikk og eit Kina som skyr få midlar for å skaffe seg eit overtak på andre delar av verda, krev at Europa tek meir ansvar for eigen sikkerheit.
Det er noko dei fleste er samde om – også dei folkevalde på Stortinget. Sjølv om ikkje alle forslag til løysingar er dei same, er det óg ei tverrpolitisk oppfatning om at dette vil koste langt meir pengar til enn tidlegare.
På Nordvestlandet har det vore mest merksemd om investeringar i nye forsvarsskip og utdanning av fleire sjøfolk. Begge delar vil vere avgjerande for kva slags beredskap Norge vil ha nokre år fram i tid.
Langtidsplanen for forsvaret inneberer nye investeringar for kring 600 milliardar fram til 2036. Det er svimlande summar – og det er naturlegvis viktig at dei blir nytta mest mogleg effektivt.
Samtidig er tid ein kritisk faktor.
«Den ustabile og skiftende internasjonale situasjonen krever at vi må handle raskere og smartere enn før», skreiv Harry Valderhaug (KrF) i eit innlegg på Nett No denne veka.
Det har han heilt rett i. Men så langt verkar ikkje det vere ei erkjenning alle delar.
Krf-politikaren frå Giske sitt innlegg handla om innkjøp av nye skip til forsvaret. Allereie i fleire år har det vore klart at forsvaret vil satse mot ein form for standardiserte fartøy.
I april i fjor ga stortingspolitikarane klarsignal for innkjøp av opptil 28 fartøy og minst fem fregattar. Sidan har den maritime industrien venta på ei nærare avklaring om kva forsvaret eigentleg er ute etter.
Allereie før det politiske klarsignalet, fortalde kommandørkaptein Nils Nordstrand i eit intervju med Nett No at han meinte det hasta med å ta ei avgjerd om kva fartøy ein skulle satse på.
– Industrien vil nok klare å levere. Spørsmålet er om staten klarer å bestille i tide, sa han den gong.
So langt er det framleis eit ope spørsmål. Først førre veke kom dei første anbodsdokumenta frå Forsvarsmateriell i form av ein marknadsundersøking om dei standardiserte fartøya – med to vekers svarfrist.
For utanforståande kan det verke merkeleg at ein ikkje har kome lengre på eitt drygt år.
På spørsmål om kva tid ei avgjerd vil bli teke om dei standardiserte fartøya, svarar spesialrådgivar Endre Lunde i Forsvarsmateriell at det vil bli avklart i den vidare prosessen.
Til no er det laga ei konseptvalutreiing som er kvalitetssikra, og som er til politisk behandling. Den neste fasa er at Forsvarsdepartementet gir klarsignal til å starte eit forprosjekt, skriv Lunde i ein e-post til Nett No.
Han viser til at slike innkjøp skal følgje statens prosjektmodell. Etter at det er gjennomført eit forprosjekt, skal dette gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Først deretter kjem regjeringa til Stortinget som eventuell godkjenner investeringa.
Ifølgje marknadsundersøkinga som blei sendt ut denne veka, er ambisjonen at fartøya skal bli levert mellom 2028 og 2036. Det betyr at dei første fartøya skal vere klare til å segle om kring tre år.
Det er openbert at den tidsplanen skal halde hardt.
Kanskje kan det vere ein ide å følgje oppmodinga frå Harry Valderhaug om å handle raskare og smartare denne gongen. Samtidig kan det vere gode grunnar til å ikkje gjere det.
Ikkje berre er det snakk om kompliserte avgjersler mellom ulike leverandørar og løysingar. Alternativet som blir valt, vil også i stor grad påverke aktiviteten i den maritime industrien framover. Vinnarane kan sikre seg rekordstore kontraktar og arbeid i lang tid framover.
Og når investeringane i nye fartøy ligg i storleiken 200-300 milliardar, seier det seg sjølve at ein bør ta seg tida til å finne gode løysingar.
Spørsmålet som Stortinget skal ta stilling til tysdag er i den andre enden av skalaen når det kjem til kostnader.
Utfordringa er at det ligg an til å bli betydeleg mangel på sjøfolk både i forsvaret og den sivile flåten. Frp har føreslått at regjeringa inngår avtale om kjøp av studieplassar ved NTNU i Ålesund, eller andre institusjonar som kan tilby slik utdanning – allereie frå hausten.
Fem millionar kroner er beløpet NTNU Ålesund har opplyst at det vil koste å doble talet frå 50 til 100 på nautikk-studiet. Sjølvsagt kunne NTNU utvida tilbodet på eiga hand. Samtidig er det forståeleg at det kan vere krevjande å legge om studieplanane på få månader – utan å vite om ein får dekke kostnadene frå staten.
Politikarane i Utdanningskomiteen på Stortinget frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre, har avvist forslaget frå Frp. I staden viste dei til eit notat frå statsråd for forsking og høgare utdanning, Sigrun Aasland.
Her argumenterte statsråden med utdanningsinstitusjonanes fridom og ansvar for å prioritere eigne midlar. Og at Forsvaret sjølv bør få velje kva institusjonar dei skal samarbeide med.
Vidare viste ho til at regjeringa jobba med ein heilskapleg strategi om kompetansebehovet i Forsvaret som skal vere klar innan utgangen av året.
Aasland sine argument ser fornuftige ut om ein skal finne den perfekte løysinga for korleis nasjonen skal få utdanna fleire sjøfolk. Samtidig er det vanskeleg å sjå den store risikoen med å iallfall starte opptrappinga av studieplassar - utover at ein går på akkord med nokre politiske prinsipp.
Det er freistande å minne om ordtaket om korleis «det beste er det godes verste fiende». Det handlar om korleis jakta på det perfekte, gjer at ein brukar for lang tid til å bestemme seg - eller aldri kjem i mål.
Det er forståeleg å ville tenke seg godt om før ein tek avgjersler. Men i krisetider er handlekraft er avgjerande. Det betyr at avgjersler kanskje må takast raskare enn ein er komfortabel med. Den risikoen må også politikarar leve med.
Publisert: 11.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 11.05.2025 20:23






