Montasje volt harvest Robert Søviknes og Even T Remøt foto volt services 11
DØYPER BLØGGEBÅT: Robert Søviknes (t.v.), Even T. Remøy og resten av Remøy Management skal feira 50 år, mellom anna med dåp av Volt Service sin bløggebåt Volt Harvest I. Foto: Volt Service
Nytt

Feirar 50 år med dåp i Fosnavåg

Markerer Remøy Management-jubileum og døyper 100 prosent norskbygd bløggebåt.

Marius Rosbach
05.06.2022

Førstkomande fredag inviterer Remøy Management til feiring av 50-årsjubileum for Herøy-selskapet.

Markeringa startar med dåp av Volt Harvest, den nyaste bløggebåten til Volt Service-reiarlaget, ved ytre almenning-kaia.

Etterpå blir det lunsj på Kami Skotholmen og påfølgjande festmiddag ved Thon Hotel Fosnavåg for inviterte gjestar.

Vellukka satsing mot oppdrett
Fosnavåg-baserte Remøy Management har hatt driftsansvaret for ein rekke fartøy opp gjennom åra. Even T. Remøy er toppsjef, etter at han tok over for onkelen Ståle Remøy i 2015.

Innunder konsernet ligg også Volt Service-reiarlaget, som driv fleire bløggebåtar via ulike Volt-selskap, som har vore ei vellukka satsing mot oppdrett.

Når selskapet får levert sin tredje bløggebåt frå Fitjar i mars neste år, består vil flåten deira består av fem slike fartøy.

100 prosent norskbygd

Volt Harvest I er 100 prosent norskbygd og blir levert frå Fitjar Mekaniske Verksted. Om bord er det mellom anna betydeleg utstyr frå Optimar.

Om bord i det nye fartøyet reindyrkast prinsippet med ein bløggebåt og den vil kunne slakte 60 tonn fisk i timen, kvar dag. Ein tradisjonell bløggebåt hentar gjerne fisk annakvar dag frå merdane.

– Vi har optimalisert heile prosesslinja, frå pumping og levering. Og slik vi ser det, finn du ikkje noko som kan måle seg med det vi får levert her, har Robert Søviknes i Volt-reiarlaget uttalt om båten tidlegare.

Publisert: 05.06.2022 13:49

Sist oppdatert: 05.06.2022 14:11

Mer om