Summen er det NETT NO som har rekna ut.
- Dette kan eg ikkje kommentere. Partane er samde om å ikkje oppgi summen, seier adm. dir. Åge Remøy i Rem Offshore.
Offshoreaktørane er i villreie om kva som er rett prising av offshorefartøy i dagens tøffe marknad. Fleire eldre skip har vorte seld til lave summar, og mange selskap har tatt betydelege nedskrivingar i skipsverdiar.
Derimot er det få nyare offshorefartøy som er selde, og prisinga er dermed uviss.
Mange er dermed interesserte i å vite prisen for det Kleven-bygde konstruksjonsskipet Rem Forza som Rem Offshore selde til Maersk Shipping. Skipet er frå 2008, og salet skjedde rett før jul i fjor.
Selskapet opplyste då at salet hadde ei likviditetseffekt på 200 millionar kroner og ein bokført gevinst på 24,2 millionar kroner.
Selskapet har samstundes betalt forskot på det skipet som skal byggast ved Vard Brattvaag, men som er utsett til 1. kvartal i 2018.
Det vert ikkje opplyst kor mykje forskot som er betalt, men summen av forskotet må leggjast til når ein skal finne den reelle salssummen på Rem Forza utfrå kontantstraumen på investeringsaktivitetar.
I januar i år melde Deep Ocean at selskapet hadde fått forlenging for kontrakten med Rem Forza for å operere på djupt hav på felta Jubilee og Ten utanfor Ghana.
Kontrakten var med .
- Dette kan eg ikkje kommentere. Partane er samde om å ikkje oppgi summen, seier adm. dir. Åge Remøy i Rem Offshore.
Offshoreaktørane er i villreie om kva som er rett prising av offshorefartøy i dagens tøffe marknad. Fleire eldre skip har vorte seld til lave summar, og mange selskap har tatt betydelege nedskrivingar i skipsverdiar.
Les her:
Sel gamle båtar
Mellom anna er Farstad Shipping av selskapa som er aktive på salssida. Selskapet har delt flåten i eldre fartøy som ein kan tenkje seg å selje, og nyare og meir miljøvenlege fartøy ein vil satse vidare på.Les her:
Derimot er det få nyare offshorefartøy som er selde, og prisinga er dermed uviss.
Mange er dermed interesserte i å vite prisen for det Kleven-bygde konstruksjonsskipet Rem Forza som Rem Offshore selde til Maersk Shipping. Skipet er frå 2008, og salet skjedde rett før jul i fjor.
Selskapet opplyste då at salet hadde ei likviditetseffekt på 200 millionar kroner og ein bokført gevinst på 24,2 millionar kroner.
Resultat
Torsdag la Rem Offshore fram . Der går det fram at netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar var på vel 420 millionar kroner.Selskapet har samstundes betalt forskot på det skipet som skal byggast ved Vard Brattvaag, men som er utsett til 1. kvartal i 2018.
Det vert ikkje opplyst kor mykje forskot som er betalt, men summen av forskotet må leggjast til når ein skal finne den reelle salssummen på Rem Forza utfrå kontantstraumen på investeringsaktivitetar.
Seld med kontrakt
Rem Forza vart seld med kontrakt til danske Maersk Shipping. Ved salet stod det att vel to år av kontraktsperioden.I januar i år melde Deep Ocean at selskapet hadde fått forlenging for kontrakten med Rem Forza for å operere på djupt hav på felta Jubilee og Ten utanfor Ghana.
Kontrakten var med .
Publisert: 26.02.2016 10:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53